Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “november, 2012”

Å gå berrlest(a)

Aktuelt uttrykk når det er hardt føre! Men kanskje særleg skareføre, for det er først og fremst da kan ein gå eller fara berrlest(a) – utan ski eller truger. Ein tek seg altså fram med berre sko på føtene. Som illustrert i dette sitatet: «Omkring de fleste setrer var det harastopper så faste og hardtrakka at ein kar lange taka kunne gå berrlesta uten å trø gjennom» (Årbok for Gudbrandsdalen 1982, s. 53).

Og er det riktig hardt, kan ein også kjøre berrlest. Det vil seie å kjøre utan truger på hesten. Skaren ber, «det held berrlest» (Leksvik).

Berrlest og berrlesta er belagt vidt ikring; frå alle landsdelar, kan det sjå ut til. I tråd med målførevariasjon i uttalen av ordet berr eller bar kan ein også finne det som barlest eller barlesta. Men vi må vel rekne med at det mindre kjent og brukt mange stader i dag, slik det dessverre gjerne er med mange gode tradisjonsord. Berrlestføre er godt føre for å ta seg fram berrlest, og helst altså skareføre.

Det kjem nok av «berr le(i)st», og å gå berrlest kan somme plassar bety nettopp det å gå på sokkelesten, eventuelt utan sokkar i skorne. Men mest vanleg er likevel tydinga ‘utan ski, truger, isbroddar’ e l. Tydelegast ser vi opphavet i vendingar som «å gå på berrleistom» (Dovre, her om å gå berrføtt), og «eg var på berrlestane» (sitat frå Hans Hyldbakk). Stundom sluttar ordet med ei dativending, t.d. i å gå berrlestå (Sunnmøre) og å gå bærlestom, som Ivar Aasen skreiv opp frå Orkdal i si tid.

Reklame

Rimfrost og berrfrost

Førjulsvinteren i år har bydd på nøgda med rimfrost. Ideelle fotomotiv, enten det no er ute i naturen eller isroser på glasruta. Sjølsagt er det gode dialektord også for slikt, og vi vil minne om nokre av dei her.

Aller først kan vi konstatere at ein mange stader seier at det er kvitrima når marka er dekt av rim. Andre vil kunne seie at det er rimspækt. Morgon med rim på marka har vorte til ei fast samansetning rimamørgo i Hemsedal.  Dialektforskaren Hallfrid Christiansen registrerte ordet rimfall for rim, i Nord-Rana.

Gammalt folk i Beiarn sa at «rimfrøsst står ikkj’ lengj’ på». Vi siterer frå Erling Vegusdal: Gammelt or Beiara (s. 119): «Når det kom rim på skogen og husveggene tok til årimslå, var det sikkert tegn på at det kom mildvær med regn. Viss fjellhamrene blei rimslåtte og sto kvite, blei mildværet langvarig nok til at rimet tinte av hamrene». Stemmer dette, eller har folk andre erfaringar?

I store delar av det sønnafjelske finst ordet hele om rim på marka. Skal ein bruke det som verb, seier ein at det helar på, som altså vil seie at det legg seg rim; det rimfrys. Ordet hele er i slekt med hål. Rim og hele kan stundom bli brukt synonymt, eller det kan vera nyansert slik at det er hele på marka og rim på tre og i vindauge t.d.

Elles er det mange ord for berrfrost/barfrost – frost utan snø; hardfrosen, snølaus mark. Såleis har ein i Gudbrandsdalen og Ryfylke ordet berrkjøld, i Nord-Norge a(v)berrfrost, og i Sunndal  og Øksendal har det vore snakk om snaukalde under slike forhold.

Mange av desse orda blir gjerne brukt i samband med transport, som kan vera lettare når det har frose opp. Det er såleis tale om t d å kjøre påhardang, kjør’ på tælabakkå (Tingvoll), kjør’ på svoddo (Klæbu), kjør’ på oppfrosti (Innherad) og å kjøre på berrtelen. Slik ordlegg Olav Duun seg i Storbrylloppe (s. 132): «Føre hadde all stormen gnage vekk, så dei kjørte med kjerra, og dei humpa på berr-tælen så det svara i berga der dei for». På Frosta, i Åsen og Skogn kan det heite å kjør’ på kråkkån eller på kråkkåa (dativ). Dette er eigentleg krake, eit ord som finst med slik tyding også på Austlandet. Det er omlaga av klake. Spesielt, og truleg ganske lokalt for Stjørdalsdalføret, er lommer, å kjør’ på lomra. Etymologien er usikker her, men det finst eit verb å lamre om å ramle, skramle, kjøre på hard veg.

Det er ikkje nødvendigvis berre fordelar med slikt hardt føre, som vi ser av dette hjertesukket frå Inderøy: «Vei’n e hokklåt no i oppfrosta».

Mallisjøsk

Mallisjøsk, mallisjørk, mallisjøss, mallasjørsk – mange måtar å uttala dette ordet på. I dag blir det nok oppfatta som eit veldig spesielt dialektord, i den grad folk kjenner til det lenger.  Betydningane spenner frå innful, underfundig via nasevis og trassig til kranglevoren, og endatil sint, rasande, ustyrleg. Det er brukt både om folk og dyr. Noko av det mest typiske er kanskje om uregjerlege krøtter som ikkje vil halde seg innafor stengslene. Men for all del også til å karakterisere folk: «I dag er Elveplassen malisjøsk, det er store ting til munn han bruker», skriv Johan Falkberget i Bør Børson.I Soknedal skal ordet til og med kunne bety ‘i dårleg form’.

Her er det uansett fransk malicieux ’vondsinna, slem’ som ligg til grunn, og dette må vel ha komme inn i stortida for fransk. På 16- og 1700-talet var det fransk som var prestisjespråket i Europa. Vi kjenner det jo frå standardspråk som malisiøs. Malise ’vondskap, skadefryd’er eit anna ord vi har lånt av same slekta. Attom alt dette ligg latin malus ’vond’.

Frå Oppdal er denne herma, ein slags test på kor godt du er inne i den lokale dialekten: «Det sto en hop me mallisjørsk ryss ni Kvalsjordvåggåsjæle!»

Nelu/nedluggu

Ordet” nelu” er tatt opp på facebook-gruppa ”Trønderske ord og uttrykk som burde brukes oftere” av Aud Marie Mollan. Torbjørn Sandnes kommenterer det slik: ”bli måssågrodd me tia”.

Det stemmer med ei vanleg forståing av ordet. Ei ne(d)lu, eller nedluggu, er eit neddotte tre, altså det same som eit vindfall eller ei rotvelte. Men mange vil nok meine at ei nedluggu bør ha lege der ei stund for å fortjene namnet. Den hamnar etter kvart ganske djupt i skogbotnen eller myra og er kvistlaus, mosegrodd og halvvegs rotna. Neluggu på bildet er nok komme ganske langt i så måte. Slike vil da bli sett i motsetning til eit vindfall eller ei rotvelte, som er ferskare, mindre mosegrodd og meir brukbar.

Ein del uttalevariantar finst, f eks neleggo i Hemne og Snillfjord, nelægga på Hitra, neloggo i Namdalen og nedlåggå på Nordmøre. I Oppdal nedluggutre. Første delen kan innimellom også ha ein r i seg (ner-), men er i alle fall ordet ned, og siste delen kan vera både lege og loge, som i mange trøndermål uansett vil gi uttalen luggu, eventuelt lu. Ordet ser uansett ut til å vera stort sett avgrensa til Nordmøre, Trøndelag, Romsdal, Nord-Østerdalen og Helgeland, med ein slengar i Bardu. Dit opp har det vel komme med immigrantar frå lenger sør. Somme plassar er det også sagt berre ei luggu.

Eit anna namn på nedluggu er ei låg. Det er mykje brukt sønnafjells, men finst også i Trøndelag. På Nordmøre og i Lom også nedlåg. Både luggu og låg heng saman med å ligge.

Nedluggu er også av og til brukt om legde i åker. I begge tilfelle er det jo snakk om noko som ligg nede. Etter storstormen i 1837 («gælnversnatta») vart skogen beskrive som ein nedlagt åker.

Det finst også mange andre ord for trestammer , som nedfall, nedfallstre, nedlegg m m. I Øre på Nordmøre sa dei tverrliggar om nedfallstre i myr. Send gjerne inn dine!

Til slutt eit par andre ord frå same feltet: Ei talgbjørker eibjørk som har vorte liggande nedhoggen utan barking (Soknedal), medan ein garre eller garri er eit tørka eller rotna tre (Leksvik, Foldereid). Gårrå om stor stokk gjømt i myr er registrert frå Budalen. I Hemne er garre ein vedpinne eller stokkende som stikk opp av jorda, helst i myr eller dike.

 På Høylandet har dei så spesiell dialekt at dei visstnok må ha tolk på legekontoret. For eksempel han som skadde seg, og dokteren spurte kva som hadde skjedd: – Eig snåova i ei nerloggo!

Det ser ut til å bli ein del skogterminologi i denne nettkroken! Naturleg nok, kanskje, for her er det fenomen som vi stadig opplever og treng ord for. Snarragadda og nedluggu finst stadig ikring oss!

Broslar

På musikk-kafe i Hølonda Hornmusikklag nyleg var det ein triveleg dialektdiskusjon. Blant dei orda som var brakt på bane var ein bråslar, eller bråhljar, med denne ustemte palatale l-en (”tahlj”-lyden).

Dette er ein hjelpesmann under tømmerkjøring, ein lauskar som dreg saman tømmerstokkane og legg dei til rettes for den som kjører, slik at det skal bli lettare å lesse. Ordet er belagt frå fleire plassar i indre strøk i Trøndelag (Budalen, Haltdalen, Tydal, Meråker, Nord-Innherred), og dessutan frå Hemnes i Nordland. Ordet er også brukt i svenske målføre, bl a Jämtland og Dalarna. Verbet som fortel om denne operasjonen, er å bråsle eller bråhlje.

Broslaren skulle sørge for å gjera det lettast muleg med lessing og framkjøring av tømmeret. Det var også oppgåva hans å sjå ut beste kjøreleia. Samarbeidet mellom broslar og kjørar var viktig. Ein god broslar var verdifull, men ein utan praktisk syn var nesten verre enn ingen, fortel Arne Guin i boka ”Minner fra skogsarbeid i Kvam og Følling” (1991, s. 9). Somme drivarar tok denne jobben sjøl, for å ha betre herredømme over det.

I Selbu heiter denne hjelpekaren for bruhljar. Han bruhlje tømmeret på plass. ”Han brohlje fram stokken”, heiter det i Grong. Verbet å brusle/brutle betyr elles å arbeide med noko tungt, med ståk og rammel. På selbumål også å bruhljes om å streve, prakkast. Ein type som bryt på og strevar i arbeidet, og satsar meir på kraft enn teknikk, heiter i Selbu ein bruhljkuse eller ein bruhljmester. Bruhljmesteriet var under den gamle kvernsteinsdrifta i Selbu utnamn på kvernsteinsbrott der arbeidet var vanskeleg, eller der det var reine klossmajorar som hadde begynt, slik at det gjekk i stå.

Både bråhljar’n og bruhljkusinn strevar tungt, men den første med mykje meir framgang og innsikt. Men begge orda heng nok i hop med å bryte og eit brott.

Rivhaujar og jarbjørk

I det muntre hjørnet har vi fortalt om sunndalingen som forlangte bl a ”rivhaujar” på forretningar i byen, for å vera sikker på at det var noko dei ikkje kunne skaffe.

Rivhaujar er ein valk, ei krum utbukting på ein bjørkelegg, der bjørka har vore skadd. Det oppstår når det veks over ein skade på treet. For eksempel ville det kunne bli slik om ein snitta for djupt under neverløyping, og kom ned i borken under nevra. I ein slik jar blir det ikkje motved, og den er såleis veldig sterk og stabil. Dette vart gjerne bruka som emne til rivehovud, men kunne også høve til knivskaft eller økseskaft. Bjørk med slik jar er kjent som jarbjørk (Surnadal, Verran), jåddårbjørk (Verdal) eller jåddårbørk (Selbu). Jåddår = jar, og i Selbu seier dei børk for bjørk.

Frå Selbu er det fortalt at dei heilt bevisst skar i bjørkeleggene for å få fram jåddårbørk til knivskaft.

Skitstol

 

Blant skogsarbeidarar somme plassar i Trøndelag har ein operert med dette begrepet. Det er ein høg stubbe med spiss, som blir ståande att når ein har felt eit tre. Da hadde ein laga skitstol. Dette er sjølsagt eit nedsettande uttrykk, og å sette igjen slike vitnar om dårleg hogstteknikk. Men kunne fort skje når ein saga av store graner med tigersvans, og dei klovna langt oppover. ”Skitstolen” på bildet er det nok naturen sjøl som har stått for.

Kanøygd

I «det muntre hjørne» har vi tatt opp fleire regler om lyte hos hest. Nok ein variant finn vi hos forfattaren Ola Setrom: «Bjugføtt og sokkut og kan-øygd til kness» (novellesamlinga Mold og menneske, s. 64).

Odret kanøgd/kanøygd går igjen i desse ramsene. Det er truleg nokså lite kjent i dag, i alle fall for folk som ikkje har så mykje med hest å gjera. Ein hest som manglar pigment i hornhinna, blir sagt å vera kanø(y)gd (Romsdal, Nordmøre, Sør-Trøndelag). Det blir skildra som ein lys ring rundt auga, eller at hesten har kvitt auge med svart ring. Somme plassar er det også sagt om hestar med ulik farge på auga, eitt mørkt og eitt lyst. Andre ord for dette er f eks ringøygd og blassøygd.

Dette har vore rekna som ein skavank. Kanøygde hestar var ikkje heilt å lite på, og dei tolte ikkje framande folk, men viste fram kvitauga. Slike hestar har også ofte kvite sokkar og bless, derav formularet.

Så har ordet fått utvikla eit par andre tydingar. I Stadsbygda kan det tyde nattblind, altså at ein ser dårleg om natta. Og i Melhus er det brukt for å beskrive fastlåst, stirande blikk.

Opphavet til førsteleddet er uvisst, men etymologen Alf Torp har foreslått ordet kann ‘kjennemerke’.

Kanskje noen har eit bilde av ein kanøygd hest, som vi kan sette inn her?

Solvinde tre og kvennakallsnar

Eit solvindt tre har veden vridd i spiral med sola. Slikt er ikkje vanleg, men forekjem helst på tre som står noko for seg sjølv eller verhardt til. Det kan sjå ut som toppen har vridd seg med sola fleire gonger. Dette gir brysamt snekkarmateriale, heiter det frå Singsås. Slik skriv f eks Kåre P. Arnevik i Åfjord: «ein tømmerstokk som e så sol-vind at’n itj e sjekka te å saga ainna einn smålækta itu». I Selbu er visst dette også nemnt som rettvindt. Rettvindt tømmer kan ikkje brukast til tømring, det vrir seg når det tørkar og gjer veggen utett og stygg (Ingulv Røsets ordbok «Selbu-målet»). Rangvindt tømmer er derimot brukbart (da skrur kløyven seg som ein korketrekkar mot sola). Røset seier elles at er eit tre vindt, er også kvisten det, derfor kan ein ta borken av ein kvist for å sjå om treet høver til hustømmer. Han opererer også med begrepet vindvuksi om tvinna, skrudd ved. Til båtbygging skal solvinde tre derimot vera bra.

Eit tre som var vridd mot sola, var av og til sagt å vera trollvedt. Ein har altså meint det var noe slags trollskap med slike tre.

Når ein skulle laga kvern, var det om å gjera å finne ei solvind gran til kvernkallen, som spjelda (skovlane) skulle tappast inn i for kverna måtte gå med sola (Namsskogan, slik også Gauldalen). I Rindal er kvennakallsnar omtalt som venstresving i veden. Furustokken som her vart bruka til kvennakall, burde ha slik vri. Spjelda var innfelt i denne venstresvingvinkelen, og fekk da rette skråstillinga, slik at vasstrålen kom vinkelrett på spjelda og krafta i vatnet såleis vart utnytta mest effektivt. Meir om dette kan ein lesa i årsskriftet til Rindal Heimbygdlag 1994 (s. 30).

Snarragadd

Ein snarragadd eller snårrågadd er ein gadd, eller tørrfuru,  med tvinna ved. På litt meir fagmessig språk opererer dei med aldersved – den ytste veden på gamle tre, som snur seg rundt stammeveden. Det har nok med terreng, klima, sol- og vindretning å gjera, sjøl om somme faktisk vil ha det til at det kjem av jordrotasjonen. Når furua blir ein150-250 år, kan dette bli særleg markert. Grana kan også få slik tvinn, men blir oftast ikkje gammal nok. Ved av snarragadd skal vera særleg god til spon. Den er ikkje altfor hard, men heng godt saman. Somme meiner veden snarar, tvinnar seg heile tida, den er venstrevridd i ungdommen og høgrevridd i alderdommen, som ein god del folk kanskje? Snarragaidd er uansett anvendeleg også som skjellsord på kverulantar og rangpeisar. Ein borttvinna snarragadd er ein spesielt rang og tverr type (Stadsbygda). Som skjellsord kan det også bli utvida og gjort enda meir omstendeleg og overdådig, som snårrågaddvalle (Meldal).

Veden i ein gadd heiter spik mange plassar både i Trøndelag og på Vestlandet (på austlending tyri). På Nordmøre finst dessutan eit begrep spiksnar. Det kan vera ein skade, sprekk på furustamme der det blir skilt ut kvae og blir spikvåkse, men også rett og slett ein tørrgadd som er snara. Å kalle ein mager person for eit spiksnar kan vera nærliggande. Såleis var det ein kar med ei mager kjerring som fann åt ein annan ein for at kjerringa hans var i tjukkaste laget. – Ja, det e no i alle fall noko anna enn ta spiksnaret dett! var svaret.

Innleggsnavigering