Moro med ord og uttrykk!

Tilfrysing

Det er sesongen for dette no. Den første tynne isskorpa som legg seg, og som gjerne er berre som ei sørpe, kallast for sårr. Uttalen kan også vera sørr, særr eller sarr. Normalisert skriftform er sor. Mest typisk hører ordet heime  i Trøndelag, på Nordmøre og i Østerdalen. Det er helst heilnorsk ordmateriale, men ikkje direkte belagt i norrønt. I svenske målføre finn vi det som sår, og truleg er det etymologisk i slekt med saur, som betyr skit, lort, gjørme e l.

På dette stadiet, når speiken ikkje er bunden fast saman, seier det på Hitra at det er sårrfrøyst.

Frå min barndoms dal Sunndalen har eg med meg sildgrynsnerk som ord for eit veldig tynt islag. Vi veit det kan bli snerk på suppe, og sildgryn er ei suppe med sildbitar og byggryn i.

Som rimeleg er, har vi også eit verb for det å danne seg sårr: å sårra eller sårrå, eller i refleksiv form sårras(t), sårrås.

I ei trønderbygd var det ein gartner som hadde tatt ut og lagt utover glasrutene i drivhuset sitt. Seint laurdagsnatta kom ein ”bedugget” kar heim frå fest og vart gåande og trø rundt på dette.- Jaggu hi det sårrås på ja! sa han.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Tilfrysing

  1. Tor Erik Jenstad on said:

    Det er komme kommentar frå Meldal, om at det der heiter sårr, og å sårrå på når det legg seg ei tynn hinne med is

  2. tojk on said:

    Og dette seier Edgar Kattem i Rindal: – Det henda åftå at det sårra på e neten ja, men så tina det tå att når dan kjem!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: