Moro med ord og uttrykk!

Forsøle

Stig Vognild, Oppdal, spurte om dette ordet på facebook. Ei forsøl’ – med trykk på andre staving – ser ut til å vera eit heilt lokalt oppdalsord som betyr stort lag, storselskap, drikkelag. Ingeborg Donali har det med i den store oppdals-ordboka si, og Einar Haugen nemner det også i si bok om målføret i Oppdal. Hos forfattaren Ola Setrom ser det ut til å bety nærmast ei tvilsam historie eller rykte, sjå berre på dette sitatet: «Same kva forsølor som spurdest heim etter han Håkå, så lo berre Gamal-Knut åt det» (Medan steinane mel, s. 90).

Kva dette kjem av, er usikkert. Det finst eit anna ord forsøle som betyr sollaus stad, skuggeside e l. Dette hører for det meste heime på Sunnmøre, men er eit ord som også er belagt i norrønt. Om det er eit samband mellom desse to orda forsøle er ikkje godt å seie. Kanskje ei forsøl’ er eit så stort og heftig kalas at sola kjem bort, at det pågår til langt på natt, eller at det foregår ting i slike lag som ikkje toler dagens lys? Kom gjerne med idear om dette!

Advertisements

Single Post Navigation

4 thoughts on “Forsøle

  1. Bjørghild on said:

    Kan storgilde-tydinga ha noko med ‘force’ å gjere, altså svært, sterkt, om laget, og -øl som eit vanleg etterledd for visse typar samkomer, slik som barsøl og gravøl? Men force var kanskje ikkje kjent som ord på bygdene før.

  2. Bjørghild on said:

    Nei, det forslaget stemte visst dårleg med trykk på andre staving!

  3. tojk on said:

    Interessant tanke! Men det talar også imot at «forsøl» er uttalt med tjukk l i motsetning til gravøl og barsøl.

  4. Bjørghild on said:

    Ja, og dessutan er det feil kjønn på ordet også, det er jo hokjønn og ikkje inkjekjønn som gravøl og barsøl. Jaja, skal lese grundigare neste gang!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: