Moro med ord og uttrykk!

Solvinde tre og kvennakallsnar

Eit solvindt tre har veden vridd i spiral med sola. Slikt er ikkje vanleg, men forekjem helst på tre som står noko for seg sjølv eller verhardt til. Det kan sjå ut som toppen har vridd seg med sola fleire gonger. Dette gir brysamt snekkarmateriale, heiter det frå Singsås. Slik skriv f eks Kåre P. Arnevik i Åfjord: «ein tømmerstokk som e så sol-vind at’n itj e sjekka te å saga ainna einn smålækta itu». I Selbu er visst dette også nemnt som rettvindt. Rettvindt tømmer kan ikkje brukast til tømring, det vrir seg når det tørkar og gjer veggen utett og stygg (Ingulv Røsets ordbok «Selbu-målet»). Rangvindt tømmer er derimot brukbart (da skrur kløyven seg som ein korketrekkar mot sola). Røset seier elles at er eit tre vindt, er også kvisten det, derfor kan ein ta borken av ein kvist for å sjå om treet høver til hustømmer. Han opererer også med begrepet vindvuksi om tvinna, skrudd ved. Til båtbygging skal solvinde tre derimot vera bra.

Eit tre som var vridd mot sola, var av og til sagt å vera trollvedt. Ein har altså meint det var noe slags trollskap med slike tre.

Når ein skulle laga kvern, var det om å gjera å finne ei solvind gran til kvernkallen, som spjelda (skovlane) skulle tappast inn i for kverna måtte gå med sola (Namsskogan, slik også Gauldalen). I Rindal er kvennakallsnar omtalt som venstresving i veden. Furustokken som her vart bruka til kvennakall, burde ha slik vri. Spjelda var innfelt i denne venstresvingvinkelen, og fekk da rette skråstillinga, slik at vasstrålen kom vinkelrett på spjelda og krafta i vatnet såleis vart utnytta mest effektivt. Meir om dette kan ein lesa i årsskriftet til Rindal Heimbygdlag 1994 (s. 30).

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Solvinde tre og kvennakallsnar

  1. tojk on said:

    Om tre som var vridd mot sola, var det også sagt at dei var trollvedt – altså forgjort på noko slags vis.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: