Kanøygd
I «det muntre hjørne» har vi tatt opp fleire regler om lyte hos hest. Nok ein variant finn vi hos forfattaren Ola Setrom: «Bjugføtt og sokkut og kan-øygd til kness» (novellesamlinga Mold og menneske, s. 64).
Odret kanøgd/kanøygd går igjen i desse ramsene. Det er truleg nokså lite kjent i dag, i alle fall for folk som ikkje har så mykje med hest å gjera. Ein hest som manglar pigment i hornhinna, blir sagt å vera kanø(y)gd (Romsdal, Nordmøre, Sør-Trøndelag). Det blir skildra som ein lys ring rundt auga, eller at hesten har kvitt auge med svart ring. Somme plassar er det også sagt om hestar med ulik farge på auga, eitt mørkt og eitt lyst. Andre ord for dette er f eks ringøygd og blassøygd.
Dette har vore rekna som ein skavank. Kanøygde hestar var ikkje heilt å lite på, og dei tolte ikkje framande folk, men viste fram kvitauga. Slike hestar har også ofte kvite sokkar og bless, derav formularet.
Så har ordet fått utvikla eit par andre tydingar. I Stadsbygda kan det tyde nattblind, altså at ein ser dårleg om natta. Og i Melhus er det brukt for å beskrive fastlåst, stirande blikk.
Opphavet til førsteleddet er uvisst, men etymologen Alf Torp har foreslått ordet kann ‘kjennemerke’.
Kanskje noen har eit bilde av ein kanøygd hest, som vi kan sette inn her?
Takk til Else Snøva i Sunndal for denne: «Bli ikkje kåra som avelshengst vistn e kanågd. Slik e d å vara hengst…..»