Moro med ord og uttrykk!

Skitstol

 

Blant skogsarbeidarar somme plassar i Trøndelag har ein operert med dette begrepet. Det er ein høg stubbe med spiss, som blir ståande att når ein har felt eit tre. Da hadde ein laga skitstol. Dette er sjølsagt eit nedsettande uttrykk, og å sette igjen slike vitnar om dårleg hogstteknikk. Men kunne fort skje når ein saga av store graner med tigersvans, og dei klovna langt oppover. ”Skitstolen” på bildet er det nok naturen sjøl som har stått for.

Advertisements

Single Post Navigation

4 thoughts on “Skitstol

  1. tojk on said:

    I årets «Du mitt Nordmøre» skriv Torolv Løset, Meisingset (i Tingvoll kommune) om tømmerhogging i gamle dagar, på ekte dialekt. Her er det ein passasje som belyser ordet skitstol: «De vart hoije eit felleskår dein væn tållå skull dætta. Å så va de te å saga, hain som va på ainner einnå på sajen va oftast hain som ha minst erfaring, å som skull opplerast. Det va om å gjort å byinn e rett høgd me sagingjen. Va det fær høgt e høve te hoggje, vart skitstol’n fær høg, å va det fær lågt, mesta tre’e retninga fær fellinga» («tållå» – nordmøring for ‘furua’)

  2. tojk on said:

    Som Olve Utne peikar på, kan nok den opphavlege skitstolen vera den som tårnar seg opp under utedassen!

  3. tojk on said:

    Og denne kjem frå Øyvind Vådahl – takk for den også!
    «Jeg har også hørt «skitstol» i forbindelse med tømmerhogging. Jeg var på opplæring hos min onkel i Røkkumskogen i Ålvundfjord da jeg fikk beskjed om å ikke sette igjen skitstoler overalt. «Det e neri der penganj legg din bypilt» sa han og siktet til muligheten for å maksimere primastokken som selvfølgelig var best betalt:)»

  4. tojk on said:

    Etter dette kan vi trygt inkludere Nordmøre i utbreiingsområdet for skitstol. Truleg er det skogsarbeidarsjargong vidt ikring?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: