Moro med ord og uttrykk!

Rivhaujar og jarbjørk

I det muntre hjørnet har vi fortalt om sunndalingen som forlangte bl a ”rivhaujar” på forretningar i byen, for å vera sikker på at det var noko dei ikkje kunne skaffe.

Rivhaujar er ein valk, ei krum utbukting på ein bjørkelegg, der bjørka har vore skadd. Det oppstår når det veks over ein skade på treet. For eksempel ville det kunne bli slik om ein snitta for djupt under neverløyping, og kom ned i borken under nevra. I ein slik jar blir det ikkje motved, og den er såleis veldig sterk og stabil. Dette vart gjerne bruka som emne til rivehovud, men kunne også høve til knivskaft eller økseskaft. Bjørk med slik jar er kjent som jarbjørk (Surnadal, Verran), jåddårbjørk (Verdal) eller jåddårbørk (Selbu). Jåddår = jar, og i Selbu seier dei børk for bjørk.

Frå Selbu er det fortalt at dei heilt bevisst skar i bjørkeleggene for å få fram jåddårbørk til knivskaft.

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Rivhaujar og jarbjørk

  1. Kan nemne at Ivar Aasen fører opp bl a denne tydinga under sitt oppslag jadar: «den ophøiede Rand, som er tilvoxet omkring et Skaar i et Tre». Hans Ross følgjer opp dette i si ordbok frå 1895, der han nemner «jarebjørk» frå Austfold.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: