Moro med ord og uttrykk!

Nelu/nedluggu

Ordet” nelu” er tatt opp på facebook-gruppa ”Trønderske ord og uttrykk som burde brukes oftere” av Aud Marie Mollan. Torbjørn Sandnes kommenterer det slik: ”bli måssågrodd me tia”.

Det stemmer med ei vanleg forståing av ordet. Ei ne(d)lu, eller nedluggu, er eit neddotte tre, altså det same som eit vindfall eller ei rotvelte. Men mange vil nok meine at ei nedluggu bør ha lege der ei stund for å fortjene namnet. Den hamnar etter kvart ganske djupt i skogbotnen eller myra og er kvistlaus, mosegrodd og halvvegs rotna. Neluggu på bildet er nok komme ganske langt i så måte. Slike vil da bli sett i motsetning til eit vindfall eller ei rotvelte, som er ferskare, mindre mosegrodd og meir brukbar.

Ein del uttalevariantar finst, f eks neleggo i Hemne og Snillfjord, nelægga på Hitra, neloggo i Namdalen og nedlåggå på Nordmøre. I Oppdal nedluggutre. Første delen kan innimellom også ha ein r i seg (ner-), men er i alle fall ordet ned, og siste delen kan vera både lege og loge, som i mange trøndermål uansett vil gi uttalen luggu, eventuelt lu. Ordet ser uansett ut til å vera stort sett avgrensa til Nordmøre, Trøndelag, Romsdal, Nord-Østerdalen og Helgeland, med ein slengar i Bardu. Dit opp har det vel komme med immigrantar frå lenger sør. Somme plassar er det også sagt berre ei luggu.

Eit anna namn på nedluggu er ei låg. Det er mykje brukt sønnafjells, men finst også i Trøndelag. På Nordmøre og i Lom også nedlåg. Både luggu og låg heng saman med å ligge.

Nedluggu er også av og til brukt om legde i åker. I begge tilfelle er det jo snakk om noko som ligg nede. Etter storstormen i 1837 («gælnversnatta») vart skogen beskrive som ein nedlagt åker.

Det finst også mange andre ord for trestammer , som nedfall, nedfallstre, nedlegg m m. I Øre på Nordmøre sa dei tverrliggar om nedfallstre i myr. Send gjerne inn dine!

Til slutt eit par andre ord frå same feltet: Ei talgbjørker eibjørk som har vorte liggande nedhoggen utan barking (Soknedal), medan ein garre eller garri er eit tørka eller rotna tre (Leksvik, Foldereid). Gårrå om stor stokk gjømt i myr er registrert frå Budalen. I Hemne er garre ein vedpinne eller stokkende som stikk opp av jorda, helst i myr eller dike.

 På Høylandet har dei så spesiell dialekt at dei visstnok må ha tolk på legekontoret. For eksempel han som skadde seg, og dokteren spurte kva som hadde skjedd: – Eig snåova i ei nerloggo!

Det ser ut til å bli ein del skogterminologi i denne nettkroken! Naturleg nok, kanskje, for her er det fenomen som vi stadig opplever og treng ord for. Snarragadda og nedluggu finst stadig ikring oss!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: