Moro med ord og uttrykk!

Mallisjøsk

Mallisjøsk, mallisjørk, mallisjøss, mallasjørsk – mange måtar å uttala dette ordet på. I dag blir det nok oppfatta som eit veldig spesielt dialektord, i den grad folk kjenner til det lenger.  Betydningane spenner frå innful, underfundig via nasevis og trassig til kranglevoren, og endatil sint, rasande, ustyrleg. Det er brukt både om folk og dyr. Noko av det mest typiske er kanskje om uregjerlege krøtter som ikkje vil halde seg innafor stengslene. Men for all del også til å karakterisere folk: «I dag er Elveplassen malisjøsk, det er store ting til munn han bruker», skriv Johan Falkberget i Bør Børson.I Soknedal skal ordet til og med kunne bety ‘i dårleg form’.

Her er det uansett fransk malicieux ’vondsinna, slem’ som ligg til grunn, og dette må vel ha komme inn i stortida for fransk. På 16- og 1700-talet var det fransk som var prestisjespråket i Europa. Vi kjenner det jo frå standardspråk som malisiøs. Malise ’vondskap, skadefryd’er eit anna ord vi har lånt av same slekta. Attom alt dette ligg latin malus ’vond’.

Frå Oppdal er denne herma, ein slags test på kor godt du er inne i den lokale dialekten: «Det sto en hop me mallisjørsk ryss ni Kvalsjordvåggåsjæle!»

Advertisements

Single Post Navigation

6 thoughts on “Mallisjøsk

  1. Ingrid on said:

    Kva med malebarisk?

  2. Rune Stavaas on said:

    Mallisjøsk er ikkje kjent frå oppveksten min i Hemne, men malabarisk vart bruka til dømes når nokon var heilt uregjerlege. Eg trur malabarisk òg vart bruke i andre høve som forsterkande ord.

  3. tojk on said:

    Ja, innhaldet i malebarisk kan nok tangere mallisjøsk. Men opphavet er eit anna: Malabarkysten i Sørvest-India.

  4. tojk on said:

    Solveig Fosshaug fortel at på Engan (i Drivdalen) «va det bærre kjy’n som va mallisjørk», medan Randi Olise Hoel, Rennebu, siterer gammelonklane sine, som sa at «ungan va aldeles mallisjøsk» når dei heldt mykje leven. Så meiningane er litt delte, men slik skal det vera! Takk for bidrag!

  5. tojk on said:

    Og apropos fransk – denne er frå Ellen Grimsmo Foros, som siterer ei kjerring frå Midtre Gauldal: «Som ho sa, kjerringa, keffer bruke franske uttrøkk som en passant, når me ha gode, norske uttrøkk som pø om pø»

  6. tojk on said:

    Korreksjon frå Ellen, sitatet var formulert på gauldalsk, men skriv eg eigentleg frå ei dame frå halsa. Elles har vel denne og liknande formuleringar vandra ganske vidt ikring.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: