Moro med ord og uttrykk!

Rimfrost og berrfrost

Førjulsvinteren i år har bydd på nøgda med rimfrost. Ideelle fotomotiv, enten det no er ute i naturen eller isroser på glasruta. Sjølsagt er det gode dialektord også for slikt, og vi vil minne om nokre av dei her.

Aller først kan vi konstatere at ein mange stader seier at det er kvitrima når marka er dekt av rim. Andre vil kunne seie at det er rimspækt. Morgon med rim på marka har vorte til ei fast samansetning rimamørgo i Hemsedal.  Dialektforskaren Hallfrid Christiansen registrerte ordet rimfall for rim, i Nord-Rana.

Gammalt folk i Beiarn sa at «rimfrøsst står ikkj’ lengj’ på». Vi siterer frå Erling Vegusdal: Gammelt or Beiara (s. 119): «Når det kom rim på skogen og husveggene tok til årimslå, var det sikkert tegn på at det kom mildvær med regn. Viss fjellhamrene blei rimslåtte og sto kvite, blei mildværet langvarig nok til at rimet tinte av hamrene». Stemmer dette, eller har folk andre erfaringar?

I store delar av det sønnafjelske finst ordet hele om rim på marka. Skal ein bruke det som verb, seier ein at det helar på, som altså vil seie at det legg seg rim; det rimfrys. Ordet hele er i slekt med hål. Rim og hele kan stundom bli brukt synonymt, eller det kan vera nyansert slik at det er hele på marka og rim på tre og i vindauge t.d.

Elles er det mange ord for berrfrost/barfrost – frost utan snø; hardfrosen, snølaus mark. Såleis har ein i Gudbrandsdalen og Ryfylke ordet berrkjøld, i Nord-Norge a(v)berrfrost, og i Sunndal  og Øksendal har det vore snakk om snaukalde under slike forhold.

Mange av desse orda blir gjerne brukt i samband med transport, som kan vera lettare når det har frose opp. Det er såleis tale om t d å kjøre påhardang, kjør’ på tælabakkå (Tingvoll), kjør’ på svoddo (Klæbu), kjør’ på oppfrosti (Innherad) og å kjøre på berrtelen. Slik ordlegg Olav Duun seg i Storbrylloppe (s. 132): «Føre hadde all stormen gnage vekk, så dei kjørte med kjerra, og dei humpa på berr-tælen så det svara i berga der dei for». På Frosta, i Åsen og Skogn kan det heite å kjør’ på kråkkån eller på kråkkåa (dativ). Dette er eigentleg krake, eit ord som finst med slik tyding også på Austlandet. Det er omlaga av klake. Spesielt, og truleg ganske lokalt for Stjørdalsdalføret, er lommer, å kjør’ på lomra. Etymologien er usikker her, men det finst eit verb å lamre om å ramle, skramle, kjøre på hard veg.

Det er ikkje nødvendigvis berre fordelar med slikt hardt føre, som vi ser av dette hjertesukket frå Inderøy: «Vei’n e hokklåt no i oppfrosta».

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Rimfrost og berrfrost

  1. Olaf Husby on said:

    Hei, flott tiltak! Kan du hekte på en knapp slik at en kan abonnere på bloggen på en enkel måte? Hilsen Olaf Husby

    • tojk on said:

      Hei Olaf, takk for respons! Det er vel ein «følge»-knapp nedst til høgre på sida, for den som måtte lure.

      helsing Tor Erik Jenstad

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: