Moro med ord og uttrykk!

Å gå berrlest(a)

Aktuelt uttrykk når det er hardt føre! Men kanskje særleg skareføre, for det er først og fremst da kan ein gå eller fara berrlest(a) – utan ski eller truger. Ein tek seg altså fram med berre sko på føtene. Som illustrert i dette sitatet: «Omkring de fleste setrer var det harastopper så faste og hardtrakka at ein kar lange taka kunne gå berrlesta uten å trø gjennom» (Årbok for Gudbrandsdalen 1982, s. 53).

Og er det riktig hardt, kan ein også kjøre berrlest. Det vil seie å kjøre utan truger på hesten. Skaren ber, «det held berrlest» (Leksvik).

Berrlest og berrlesta er belagt vidt ikring; frå alle landsdelar, kan det sjå ut til. I tråd med målførevariasjon i uttalen av ordet berr eller bar kan ein også finne det som barlest eller barlesta. Men vi må vel rekne med at det mindre kjent og brukt mange stader i dag, slik det dessverre gjerne er med mange gode tradisjonsord. Berrlestføre er godt føre for å ta seg fram berrlest, og helst altså skareføre.

Det kjem nok av «berr le(i)st», og å gå berrlest kan somme plassar bety nettopp det å gå på sokkelesten, eventuelt utan sokkar i skorne. Men mest vanleg er likevel tydinga ‘utan ski, truger, isbroddar’ e l. Tydelegast ser vi opphavet i vendingar som «å gå på berrleistom» (Dovre, her om å gå berrføtt), og «eg var på berrlestane» (sitat frå Hans Hyldbakk). Stundom sluttar ordet med ei dativending, t.d. i å gå berrlestå (Sunnmøre) og å gå bærlestom, som Ivar Aasen skreiv opp frå Orkdal i si tid.

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Å gå berrlest(a)

  1. Per K. Bjørklund on said:

    Berrlesta: Ordet og uttrykket er godt kjent også frå Hamarøy og elles i Nord-Salten. Uttalen er bærlæsta. Å gå bærlæsta, altså utan ski eller skeiser. Bærlæstafør'(e) var også sagt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: