Moro med ord og uttrykk!

Meir om is

BloggIs

Det er hevda at inuit-folket (”eskimoane”) har spesielt mange ord for snø. Mykje tydar på at dette er ein myte. Også norske målføre har eit veldig rikt og nyansert ordforråd for snø, og det vil vi nok få høve til å komma inn på i løpet av vinteren. Men også for is av forskjellig slag finst det mange ord. Nokre av dei skal vi ta for oss her.

For blank og sterk is har vi ord som blåis og stålis. Blankis og klåris er blank, snølaus is. I Trøndelag og på Nordmøre er det også snakk om tennoris (tånnåris, tunnuris), som også er blank, hard is, gjerne under berrfrost. Førsteleddet her er tinar eller tennar – tett, hard ved i bartre, særleg i bøyg eller på den sida av treet som har vendt mot nord. ”Det høres sus i frå styrslåmeiom mot tånnårisa en trettoindag”, skriv bygdadiktaren Ola Uvøyen frå Meldal. Skjænnis eller skeinis er eit trønderord for nattgammal, tynn, gjennomsiktig og usikker is. For ujamn, knudrete is har vi ord som rekkelis, rokkelis og hørkelis. Er isen laus og holete, tynn, porøs, ujamn eller roten, kan han kallast skrovis, skrøvis, skrovvelis eller skrøvelis. I ”skrævisen” ”tråsså” det når ein går, heiter det frå Rennebu. Meinis er is som legg seg på fjorden og hindrar ferdsla, men som samtidig ikkje er sterk nok til å gå på. Han er ”korkje gangand’ eller roand’”, som Leif Halse beskriv. Han er til mein for trafikken. Ordet er brukt vidt ikring over heile Vestlandet, og dessutan i Agder og Telemark. Det er registrert også frå eit par plassar i Sør-Trøndelag, og likeeins i Salten.

Eit heilt spesielt og lokalt is-ord er pip-is, som hølondingen Signe Aal forklarer så fint: ”Når våren kom kalla me han for pip-is. Han løyste seg opp i småbitar som likna røyr og som rasa sund når noko kom borti dei. Men når vårvinden jaga bylgjene mot iskanten, vart det vakker klokkemusikk og isen laut gje seg”.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Meir om is

  1. Og så har vi jo ordet hålke om iskledd mark. Hålka er lei å gå på, og endå verre er blindhålke (hålke med tynt snølag) og glarhålke (våt hålke).

  2. tojk on said:

    Takk skal du ha, Aud-Kirsti! Hålka har sin eigen terminologi, ja. Elles bidrar Ragnhild Stavne Bolme med «skrommelis», som eg reknar med er ekte rindaling for ujamn is.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: