Moro med ord og uttrykk!

Frostrøyk

BloggFrostrøyk

Kald stemning! Vi ser frostrøyk, den eimen som dannar seg når kald luft kjem inn over varmare vatn og kondenserer.

Dette fenomenet finst det mange dialektord for. Eitt av dei er frostskodde, som vi finn både på Vestlandet og somme stader i Trøndelag. Dessutan er det eit enkeltbelegg frå Varanger. Kaldskodde kan det også bli sagt. Vidare har vi nokre samansetningar med -røyk: Kaldrøyk er ikkje heilt uvanleg, trass i at mange heller vil forstå sutting på kald, utent pipe med akkurat det ordet. I Vestfold heiter det kulderøyk, og i Ølen i Sunnhordland kolrøyk. Somme plassar også kulerøyk, der dei seier kule for kulde.

Så har vi eit par samansetningar med -moeKaldmoe er nemnt i Ivar Aasens ordbok, og i nyare tilfang registrert frå Stryn og Singsås. Frostmoe er i Norsk Ordbok ført opp frå Lista, Sjernarøy og Modalen. Moe er nok elles mest kjent om varmedis.

Gov er eit anna ord for damp, eim, og frostgov har vore sagt om frostrøyk både på Vestlandet, i Midt- og Nord-Norge. Dette skriv Gerhard Schøning frå Trøndelag i 1773: «men at Vandet, i det dybe, endnu beholder sin Varme, det viser noksom  de derfra opstigende Dampe, eller det her saa kaldte Fraast-Gaav». Kaldgov finst også. Hans Ross noterer ein variant kaldgovvo frå Nord-Trøndelag i si ordbok frå 1895.

Eit særprega trønderord er frostgubb, eller berre gubb. Gubb er nok etymologisk i slekt med gov. Det finst også eit verb til dette: «Det gubbe tå sjøa». Visstnok heilt lokalt for Setesdal er kaldheiske. Har du fleire ord for frostrøyk, så send dei inn!

Men etter all denne språkpraten får vi avslutte med ei lita historie: Ein kafegjest klaga på at kaffien han hadde fått, var kald. Men serveringsdama påpeika at det rauk da av han. – Da må det i så fall vera frostrøyk! sa gjesten.

Advertisements

Single Post Navigation

3 thoughts on “Frostrøyk

  1. Rita Hovde on said:

    Frosteim og kalljgåvv dukket opp fra et sted langt bak i erindringa.

  2. Anne Mari Svinsaas on said:

    Råskodde er vel også et ord med samme betydning?

  3. tojk on said:

    Råskodde hører også med her ja!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: