Moro med ord og uttrykk!

Kakelinna

Vi får no sjå om det verkeleg blir kakelinne i år! Det er i alle fall eit ord som aktualiserer seg for mange i denne tida. Som kjent betyr det ein mildversperiode før jul, og det har vore rekna med at denne skulle komma høveleg slik at ein fekk gjort unna julebaksten. I eldhuset, der dei gjerne heldt til med baking, kunne det elles vera temmeleg kaldt vinters tid. Ein annan teori er at på denne tida var det så mange bakaromnar i drift at det påverka klimaet slik at det vart mildver. Men det er nok mindre sannsynleg.

I dag er kakelinna kjent begrep over heile landet, og mange oppfattar det som eit typisk dialektord. Men det er mykje som tyder på at det har spreidd seg frå Austlandet og til andre landsdelar i relativt sein tid. Belegga på ordet synest spesielt tette der, og ikkje minst heimfestar Ivar Aasen ordet berre til denne landsdelen i ordboka si frå 1873. I mange dialektar har det også ei form som røpar det som ein relativt ny innvandrar. For eksempel burde det jo ikkje heite kakelinna slik folk gjerne oppgir, men kaklinna på mykje av trøndersk dialektområde. Og linne om mildvêr står ikkje særleg sterkt i trøndermåla; belagt berre 2-3 plassar (Haltdalen, Åfjord, Sparbu). Rett nok finn vi dialekttilpassa former her og der, som kaklinn (Foldereid), kaklinnå i bestemt form (Tustna) og kakulinna (Oppdal, Meldal, Orkdal, somme stader i Gauldalen). Men ho er nok inne på noko, ho som nyleg fortalte på ei facebookgruppe for trønderdialekt at den første ho hørte bruke ordet kakelinna, var Alf Prøysen.

Kva andre ord finst det så for dette, som eventuelt har vorte fortrengt av kakelinna? Eitt som stadig er kjent ganske vidt ikring, er lefsetøyen, på trøndermål læmstøy’n. I trøndersk er også læmsbløyta kjent (Verran, Vikna); det har truleg gått vidare før. Lefselinna finn vi her og der i Austlandsområdet, og så har utflyttarar hatt med seg ordet opp til Bardu.   

Vi meiner ikkje med dette å kritisere at ordet kakelinna har spreidd seg utover sitt opphavlege område, for det er  eit godt ord, som ein gjerne må bruke kor som helst i landet. Men det kan vera greitt å ha med seg historia!

Stundom møter vi nemningar som syner til at mildvêret før jul gav vatn til ølbrygginga: Brygglaug (Kolvereid), bryggjarlau (Øksendal). Dette er eigentleg det vatnet (logen, laugen) som er brukt til ølbrygging. 21. desember er tomasmesse, den gamle minnedagen for apostelen Tomas. Eit anna namn på denne dagen er Tomas bryggar. I Otterøy heitte det Tomas med bøtta når det var regnver tre dagar før jul.

Advertisements

Single Post Navigation

3 thoughts on “Kakelinna

  1. Eistin Bæverfjord on said:

    Eit ord som vart bruka på enkelte gardar i Bæverfjord/Åsskard da eg var gutunge var bakstria. Fekk friska oppatt dette ordet for nokre år sidan, og det var meget få som hugsa ordet.
    Om ein til dømes deler dette ordet på desse to plassane: bakst-ria eller bak-stria, kan ein få ei fornuftig løysing på korleis det har oppstått.

  2. tojk on said:

    Takk for det, Eistein! Da kom det nok eit lokalt ord. Trur nok helst det skal delast bakst-ria.

  3. tojk on said:

    Randi Olise Hoel opplyser at det var sagt lefstøyin i Rennebu

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: