Moro med ord og uttrykk!

Archive for the day “desember 7, 2012”

Om frostbeit og å kvesse på kjølta

Snødryss

Det er eit kjent fenomen i kalde periodar om vinteren at det innimellom kan skye over, temperaturen stig litt, og det kjem eit lett snøfall. I somme målføre beskriv ein dette snøfallet som at han skava tå hånno (skavar av horna).

Men etter dette klårnar det gjerne opp og blir kaldare igjen. Da heiter det på Indre Nordmøre at han kvæsse på kjølta.

På Nordmøre og i Fosen kallast eit slik kortvarig mellomspel med mildare ver for ei frostbeite, eller meir sjeldan frostbit. Frosten får noko å bite i, som ein informant uttrykker seg.

Tilsvarande ord har ein også ein del andre stader, som frostherde rundt ikring i Nord-Norge («fråsthæra», «frøsthær»). Hans Ross (Norsk Ordbog, 1895) har notert frostahære frå Vang i Valdres. Elles kan vi nemne frostkvesse i Romsdal,  frostherdsle på Vestlandet, frostherding i Hardanger og på Voss og frostfreska i Malangen. Idéen bak er den same over alt, og det er gjerne brukt i nekting («det er nok berre ei frostherdsle»), når ein ikkje reknar med at mildveret vil vare.

Om du kjenner andre målføreord for dette, så send inn og få det med her!

Reklame

Innleggsnavigering