Moro med ord og uttrykk!

Rauvaballis

P1000400

Slike kan ein støyte på der vatnet har sige over vegen, svolle opp og frose til så det blir ein stor iskul. Issvull er kanskje det mest vanlege namnet på dette, men det finst mange andre.

Svellkul er gangbar nemning i Nord-Østerdalen, somme plassar i Gudbrandsdalen, Lærdal, Sunndal på Nordmøre, og delar av Gauldalen. Det kan også vera hokjønn: ei svellkule (Østerdalen, Gudbrandsdalen, Øystre Slidre, Hallingdal, Indre Sogn). Ei bra skildring har vi her: «Dæ renn eit vassikkel neover svae, som um vintern bli te ei habbele svellkule, som dæ æ reint orå å tå se over» (Årbok for Gudbrandsdalen 1971,47).

I Lom kan dei seie at vegen er svellfloge i slike tilfelle, og det er såleis ikkje tilfeldig at Olav Aukrust skriv om «svellflogne svaberg».

Somme stader seier dei svall i staden for svell, og da kan det også bli ei svallkule. Andre ord som kan nemnast for dette er t.d. svullis (Nordland), hølkskvåll (Sparbu), klagadrons (klake-; Ryfylke),  ei stevle (Balsfjord, Malangen) og stevling (Alvdal).

Det er fort gjort å drive i koll på slike iskular, og ei lokal nemning frå Sunndal er rauvaballis. Rauvaballføre (eventuelt rassballføre, fuballføre) er meir utbreidd om hålke.

Eit uttrykk frå Rennebu og Oppdal er som porka på svel`le. Da er ein temmeleg hjelpeslaus, og ein ser jo for seg situasjonen. Interessant parallell i engelsk like a hog on ice  (hog = gris).

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Rauvaballis

  1. På mine trakter bruker vi verbet å ‘kjøve’ om dette fenomenet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: