Moro med ord og uttrykk!

Krullfurufinn

Klure

 

Mann på Steinkjer med røter i Valsøyfjorden kjem med ordet krullfårråfinn. Det er eit forkrøpla, forvridd furutre. Uttalen -fårrå- viser at dette hører heime i ytre strøk. Ein meir indre, trøndersk variant er krullfurufinn, men det er brukt som skjellsord på folk (slik både i Rennebu og Budalen, iallfall).

Dette fører oss over til knollfurufinn, registrert frå Orkdal som nemning på ein stygg, grovslegen kar. Informanten forklarte at ei knollfuru er ei forvridd furu som ber preg av å ha vakse opp i harde kår. Kanskje omtrent slik som den vi ser på bildet. Og den slags tre er det mange ord som skildrar. Vi kjem gjerne tilbake til det – send også inn dine!

Folk og tre går altså litt om kvarandre i dette tilfellet, ser det ut til. Med i samanhengen hører også krulfururul, eit «artigord» som skal vera brukt om utvekst, rirkul på ei krokete furu.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: