Moro med ord og uttrykk!

Myrtvarre

Myrtvare2

Med krullfurufinn (sjå innlegg 17. desember) kom vi inn på forvridde, forkrøpla tre, som det finst veldig mange ord for. På bildet ser vi eit tre som på Nordmøre og i Romsdal vil kunne kallast ein myrtvar(r)e. Slik kan furua bli på myr, eller på vassjuk grunn i det heile; seinvaksen, krokut og vantriven. Myrtvarre kan også bli overført som utnamn på folk som ein synest liknar på ein slik skapnad.

 På Nordmøre kan ei slik furu også bli nemnt ein tolltvarre, eller også myrkrugd (Halsa). Myrtell(e) er ei nemning frå Trøndelag, men går også inn på Sør-Helgeland. Frå Bindal er det fortalt at ein brukte slike til skigard.

 I Åfjord er ei myrjartell’ ei ekstra seinvaksen gran i myrkant. Slike er særskilt sterke mot rote, og har vore brukt til vindauga, takspon og andre stader der et er spesielt viktig at det ikkje rotnar fort.

 Låge, kvistete og krokete furutre finst det som nemnt svært mange nemningar for rundt i vårt skogrike land, og vi skal gi nokre eksempel. Utbreidde ord på trøndersk språkområde er kragg og kraggfuru; noko meir avgrensa er krugg og kruggfuru. Lokalt frå Suldal er krøklefora, og frå Fjotland i Vest-Agder krusallfura. Ei kruskefuru er ei kronglete furu med tett, vid krone. Ordet er registert frå spreidde stader i Austlandsområdet, Agder og Ryfylke. I Selje i Nordfjord finst det målande ordet kruskekrøkle om eit forvakse, uhøveleg tre. Krusk er eit begrep for krokete og kvistete vokster.

 Ei kronglefuru er eit ord som finst nokså vidt ikring. Det kan stå for eit forvridd, vindherja tre, ei låg, krypande furu med tette, tjukke greiner, eller det kan gå på at stammen er oppsprukken og knudrete.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Myrtvarre

  1. tojk on said:

    Randi Olise Hoel, Rennebu, har denne fine kommentaren: – Oss sie kregg om slike tre, furrukregg. Æ dæ mange enkæra tett samen kalla oss dæ fer en enkærkrull

  2. tojk on said:

    «Kregg» er nok rennbygg for «kragg»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: