Moro med ord og uttrykk!

Sjursmessdag

DSC_2315

 

Eit vinterstemningsbilde  får stå som illustrasjon for dagens tema. Vi skriv 23. desember, og det tradisjonelle namnet på ”lillejuleaften” i Trøndelag og på Nordmøre er sjursmessdag eller sjursmøssdag. Det er dessutan registrert frå Nordland, og sjursmess er også kjent i Jämtland og Härjedalen.

Sjur er jo ei form av mannsnamnet Sigurd.. Samansetninga med –messe tyder på at dagen må ha vore feira til minne om ein helgen som har hatt dette namnet ein gong i katolsk tid. Helst bør det også ha hendt noko spesielt med denne personen på akkurat denne dagen. Men til no har ingen kunna forklare sikkert kva for ein Sigurd det er snakk om. Det finst ingen slik helgen, og ingenting som viser til noko slikt i det liturgiske materialet frå middelalderen. Ein helgenkultus knytt til Sigurd må dermed ha vore heller lokal, og ikkje offisielt godkjent av pavekyrkja.

Det er ganske rike folketradisjonar knytt til 23. desember. Dei rekna med mildvêr denne dagen, slik at ”Sjursmessda’n i regnet” var eit begrep i Trøndelag. I Skaudalen i Rissa var det snakk om ”Sjur med spaden”, og ungane for og kasta ein spade inni gangen til folk denne dagen. På Skatval vart den som stod sist opp denne dagen, kalla ”Sjur”, som eit slags ertenamn.

Dagen var elles prega av at det var mykje arbeid som skulle gjerast ferdig før jul, og dermed vart det ekstra travelt. ”Sjursmessmårrån i ottån ska drengen åt skjuli i skjortån”, sa dei i Leksvik.

Men opphavet til namnet er altså heilt uvisst. Frå svensk side har det komme eit fantasifullt forslag, nemleg at det skulle vera Sigurd Fåvnesbane, drakereparen. Men det finst fleire bra kandidatar på norsk side: Både Olav Tryggvason og Olav den heilage hadde ein hirdbiskop som heitte Sigurd. Den siste av desse er rekna som den første biskopen i Nidaros. Ein tredje aktuell person er erkebiskop Sigurd, som slekta frå Oppdal og levde på 1200-talet. På hans tid var det gjort store byggearbeid på Nidarosdomen.

Historieprofessor Audun Dybdahl, som oppsummerte diskusjonen om denne merkedagen i ein kronikk i Adresseavisa 23.12.2008 (sjølvsagt!), viser til at Sigurd var eit av dei mest vanlege mannsnamna her i landet i mellomalderen, og at det er mange som kan ha vore opphavet til sjursmesse. For den del også kong Sigurd Jorsalfar. Men tida er etter hans meining ikkje inne (enno) for å dra bastante slutningar om identiteten til Sigurd i sjursmesse. Det er det nok bere å slutte seg til.

Ein noko meir utfyllande artikkel om Sjursmessdag står i årsskriftet Du mitt Nordmøre 2010, s. 98-103.

Advertisements

Single Post Navigation

5 thoughts on “Sjursmessdag

  1. tojk on said:

    Synnøve Moe kommenterer at det også er «svartsyndan» i dag, og det er heilt rett, for i år fell siste søndag før jul i hop med sjursmessdagen. Og fjerde søndag i advent er jo kalla svartsøndag, sotsøndag, skittensøndag m m

  2. tojk on said:

    Jarle Langfjæran, Mosvik, har denne fine folkeetymologien: Sjulsmæssdan fordi karene sto i skjulet og hogg ved så det «skollj hyr sjøl om dæm stårmbrennje åver hælja». (Dvs over nyttårshelga.)

  3. tojk on said:

    Det finst andre folkeetymologiske tolkingar av namnet sjursmessdag også, bl a til talet sju (det var sagt at ein skulle eta sju måltid den dagen). Og i ei ordliste frå Jämtland 1795 står «skursmäss» – angiveleg fordi dei skura og vaska så mykje den dagen. Ingenting av dette er særleg sannsynleg

  4. tojk on said:

    Margunn Rauset peiker på at Torlaksmesse også er eit gammalt namn på 23. desember. Dette skriv seg frå biskop Torlak den heilage på Skálholt på Island (død 1193). Han vart kanonisert på det islandske Alltinget i 1178, men visst aldri offisielt godkjent av den katolske kyrkja. Torlak vart dyrka som helgen ikkje berre på Island, men også på Vestlandet og i Nord-Norge, og dagen var da kalla tollesmesse. Vi kan her ha ein interessant parallell til Sigurd, med regional helgendyrking.

  5. tojk on said:

    ja, det var mykje arbeid som skulle gjerast denne dagen, og om å gjera å komma seg opp og i sving tidleg. Tor Holten fortel frå Bøverdalen i gamle Åsskard kommune (no Surnadal) på Nordmøre kva dei sa der: – Den som stod opp sist på sjursmøssda’n, skulle «kløpp’ porskröva»!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: