Moro med ord og uttrykk!

Julgeita

Gävlebukken

Halmgeita dei sett opp på Slottstorget i Gävle kvar første søndag i advent er i beste fall ein fjern slektning av den norske julgeita, men la gå. Julgeita er eit slags vette det var mykje snakk om i tida fram mot jul. Ho søkte inn mot husa ved dette leitet og vart brukt til å skremme ungane med. Det kunne bli sagt at ho kom nærare og nærare husa etter kvart som det nærma seg jul. – Tre veker før jul låg julgeita på kvennalur, heitte det (kvennalur = åsane som dannar underlaget for kverna, som understeinen kviler på). Så ein dag kunne ho vera kommen ned til gjerdet, seinare inni vedskjulet, så inni fjøset osb. Forestillingane om julgeita har gått vidt ikring.

Ho vart nok dels brukt som eit slags ”arbeidstilsyn”. Såleis kunne det vanke formaningar om at vedskottet (vedskjulet) måtte vera heilt fullt, slik at ho ikkje fekk plass der. Frå Buvika er det fortalt at ein måtte kjøre fram lauvved så julgeita hadde å eta på. I Øksendalen på Nordmøre var det slik at når ein kjørte heim juleveden, måtte ein sjå til at det vart eit lass med ris så julgeita fekk gjømme seg i. Elles kom ho inn i huset. Frå denne bygda er det også fortalt at ungane trudde ho gjømte seg i møkkjadungen.

Stundom har det vore fortalt at ho var inni sjølve stua julenatta og for sin veg att om morgonen første juledag. Kanskje hadde ho da lagt att gåver eller pengar også.

Det hendte dei gjorde seg såpass umak at dei laga eit geitehovud og sette på ei stong og stakk inn for å vise ungane at julgeita faktisk eksisterte og skremme dei til å vera skikkelege. På Frøya sa dei at julgeita kom til å ta ein om ein ikkje fekk noko nytt til julkvelden. Vi hører elles frå fleire plassar at ho var farleg, eller at det varsla ulykke å sjå ho.

Julgeit har også vore eit ganske vanleg namn på folk som kledde seg ut og for rundt på besøk i jula, akkurat som julbukk.

Det har også vore brukt som skjellsord, både på utspjåka jenter og upraktiske kvinnfolk. I Kristiansund vart den kalla julgeit som sovna først om julkvelden.

I Oppdal seier dei julgjet, og der har ordet ei særtyding. Det er nemleg brukt om juleneket, julbandet. Det heng nok saman med at ein før i tida gjekk fram etter meir bestemte metodar når ein gjekk julbukk eller julgeit. I nyare tid gjeld det berre å kle seg ut så ein ikkje blir attkjent, men før brukte ein bukke- og geitemasker, halmfigurar og anna.

Skikken med å gå julbukk/julgeit kan ha svært gamle røter. Somme vil knyte det til ei skildring vi har frå ein germansk julefest i Konstantinopel på 900-talet, der karar utkledd i pelsar og masker oppførte ein ringdans. Andre har prøvd å sette julebukkskikken i samband med eldgamle fruktbarheitsritual. Folkeminnegranskaren Olav Bø meinte at opphavet heller var å finne i dramatiske framsyningar av julebodskapen frå middelalderen. I desse var somtid ein djevleliknande figur med, og denne kunne bli samanlikna med ein bukk eller ei geit.

Til slutt ei litt mindre julgeit (julbukk?) – og denne er heilnorsk!

Julebukk2

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Julgeita

  1. Min farmor, f1903, fra Fet (Akershus) med familierøtter fra Hof (Vestfold) ga oss samme lærdommen i min barndom (60-tallet):
    -Har du ikke noe nytt på deg julaften, kommer julegeita og tar deg!
    Hendte vi løste saken med nye skolisser, husker jeg. (Kan forresten avsanne dette, jeg er like hel ennå, i år glemte jeg det…)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: