Moro med ord og uttrykk!

Stoppeveg

Spor i snø

På bildet ser vi ein stig som er trødd opp av folk som har vassa gjennom snøen der det ikkje er brøytt. Det er gått opp stopper, og her har det vore såpass trafikkert at det begynner å bli ein samanhengande veg. Ei stoppe er strengt tatt (minst) to forskjellige ting: For det første er det brukt om djupe fotspor i snø. Dette ser ut til å vera avgrensa til Trøndelag, Nordvestlandet og Nord-Østerdalen. Men så kan det også brukast om smal stig, gangveg i snø, eller også spor etter ski (skistoppe) og meiar. Det gjeld same området, men går litt vidare: Her kan vi også inkludere Østerdalen, Solør, Hedmarka og Gudbrandsdalen. ”-Inn mot gruva går det skilåmar og stoppar etter folk” (Kristofer Uppdal: Stigeren, s. 202). Endeleg kan stoppe vera sagt om tilhogge feste, trappetrinn for foten i hard snø eller is i bratta (Nord-Gudbrandsdalen, Sogn).

Stoppene vi ser her, er nok fotstopper eller gangstopper etter folk, men det blir også hestestopper der ein kjører med hest i djup laussnø. Det var rekna som ein god eigenskap hos hest at han kunne ta stoppene – følgje det opptrakka faret.

Ein kunne tenke seg at stoppe heng saman med å stappe, slik at stoppa blir der ein har gått og stappa med føtene. Men fagfolk på etymologi har ikkje kjøpt denne tanken og sett ordet i staden i samband med staup.

Ordet har også gitt bakgrunn for meir abstrakt bruk i nokre talemåtar, som å komma ut av ei stoppe (Hitra) – komma over ein kneik, ut av ei knipe, og å stå i ståppån – ikkje komma av flekken, stå i stampe (Leksvik, Verdal). Overført bruk ser vi også hos Hans Hyldbakk, som skriv i ”E slåttatæja” ”du trø e stoppå så stronk og strakjinn” – ein følgjer den opptrakka løypa i livet og vågar seg ikkje utafor stoppene. Langt frå alle som hører eller syng denne flotte songen forstår akkurat denne strofa!

Ein stoppveg varte ikkje lenger enn til neste snøfall. Om dette finst det ei lita historie frå Øvre Sunndal. Det må i tillegg opplysast at ein der har det heilt lokale uttrykket larming om nattefriing, utpågang. Så var det ein som hadde så avbakleg friarveg. Men ei jul var han heldig: Vêret og føret var så stabilt at han gjekk seg på larmarstopp’ andre juledag og fekk ha denne heilt til over nyttår!

Advertisements

Single Post Navigation

4 thoughts on “Stoppeveg

  1. Arne Innerdal, som bor på Nebbå, Opdøl i Sunndal kommune, fortalte at da han var gutt, for omtrent godt 60 år siden, gikk de på «stoppo» opp mot Iverløo, Sæterhaugløo og Øverhaugløo, der de hentet tørket høy til husdyra. Det var så bratt at det var ikke snakk om å bruke hest, men de laget enkle kjelker som de dro ned høyet på. Siden det ble endel vekt i det bratte terrenget, var det viktig med gode stoppo, så de ikke «for ivei». Høyet ble også av og til pakket inn i viergreiner, slik at det så ut om en ball, og rullet nedover en bratt kløft, før de tok det igjen på den siste flatere biten ned mot garden.

  2. tojk on said:

    Takk til Petter Erik for den kommentaren! Ein annan sunndaling, Sivert Gravem, kjem med viktige opplysningar om forskjell på motbakke og unnabakke når det gjeld stopper: «dei trødd ståppo opp Londlibakkanj og så ha dem ei renne i bredda me så dei rennt ette ondabakko. Om ein gikk ette ståppo ondabakko så vart dem ødelagt. Skrittlengda e noko støttar i motbakko – i allfall opp Londlibakkan og Brennanj». Lundlibakkan og Brennan er bratte lokalitetar i Øvre Sunndal, men folk har ferdast opp og ned der og gjort sine erfaringar.

  3. tojk on said:

    Randi Olise Hoel, Rennebu, har to oppklarande kommentarar på facebook. Først denne, der ho støttar den etymologiske koplinga mellom stoppe og staup: «Einig med etymologane .Den tida dei køyrde høy frå Nerskogen ned Holsliene vart det djupe staup , dei måtte hogge bort desse .Det sto ei stuggu oppi lia der stauphoggarane kunne matkvile , denne vart kalla stauphoggarstuggu .Kvar gard hadde ansvar for eit tilmålt stykke ,ei rode, av vegen .Ein gamal slitar skulle ha sagt; » det er stauphoggere og grøftegravere som skal arve jorden»

  4. tojk on said:

    Randi Olise greier også ut om forskjellen mellom stoppe og staup: «Meir om stopp og staup . Fara etter hestane vart kalla stopp .Staupa vart laga ved at sledane skauv snø framfor seg , vart det lagt att ein slik snøhump i vegen «balla det fort på seg» ved at neste lass og la att snø der .Vil fortelje om ein av bureisarane på Nerskogen , Gunvald Sanden , han hadde temt ein okse til å køyre med. Denne kalla han litjFredrik , det vart sagt at litjFredrik var så dyktig eit trekkdyr ,» han tok stoppa like godt som nokon hest».»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: