Moro med ord og uttrykk!

Avdrevje

Avdrevje3

 

På stader som er utsett til for vind, kan snøen drive av, slik vi ser det har skjedd her. I det rike norske folkemålet har vi sjølvsagt ord også for dette. Avdrevje, som er nemnt i overskrifta, registrerte Ivar Aasen i si tid frå Østerdalen. Det er eit utprega austleg ord i norske målføre, ser det ut til. I nyare materiale er det registrert frå Ålen, Selbu og Tydal. Når det finst hos forfattaren Halvor Floden frå Trysil, heng vel det saman med forekomsten i Østerdalen. ”Det kunne vera bra med fjellmose på slike ”avdrevjur”” skriv han i boka ”Ein fjellgard”.

Hos Johan Falkberget finn vi det som ei avdrive. Ordet er sjølsagt laga til sambandet ”drive av”, og viser ein typisk tradisjonell måte å skru saman ord på.

Med avdrift tenker vi vel helst på skip o.l. som driv av. Men dette ordet kan også bety det same som avdrevje, altså stad der snøen har blåse av. Ivar Aasen fører opp også dette i si ordbok, utan å heimfeste det til nokon bestemt stad. Denne tydinga av avdrift er elles notert frå spreidde plassar: Slidre, Øystese, Norddal, Sparbu, og på Nordmøre i ei svært dialekttilpassa form tådræft.

Hos Oppdals-forfattaren Ola Setrom finn vi samansetninga avdrift(s)rande. ”Lenger ned mot fjellbruna var det no flekkbert, og endatil lenger oppe tok avdreft-randane til å bli berre”. Vi kan vel rekne dette som eit målføreord frå Oppdal. Ein rande er ein rygg i fjellside, over skoggrensa, og på slike har snøen naturleg nok lett for å blåse bort. Den tida ein dreiv i måssåfjellet var det om å gjera å finne ein slik avdriftsrande som tuft for mosesåtene, der vatnet rann frå og snøen fauk av. Ola Setrom bruker også samansetninga berr-rande.

Om snøen driv eller fyk av kjem vel ut på eitt. Dermed er det ikkje uventa at ein stad der snøen har foke av, kan kallast ei avføykje. Ordet hører heime i Setesdal, Telemark og Uvdal.

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Avdrevje

  1. tojk on said:

    Randi Olise Hoel, Rennebu, kjem med denne skildringa av slikt føre: «-Dæ va et farkfør , sumstan va dæ drævskevla å sumstan va dæ tådrivvi , så n løt vårrå ansåv å itj sett te berr..»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: