Moro med ord og uttrykk!

Etter veggsmaug kjem regnflaug

Veggsmaug1

Her har det vore snøfokk, og vi ser snøen har lagt seg på husveggen. Når snøen driv inn i veggene på den måten, skal det bli mildvêr, vil ein ha det til i folkemeteorologien. Stundom kan det fyke så kraftig at snøen kjem heilt inn gjennom små sprekker, særleg i litt eldre og utette hus.

Dette fenomenet kallast i Trøndelag for veggsmau(g). Det skal bety ikkje berre mildt vêr, men også regn, til og med plaskregn. Varselet kan vera formulert t.d. slik: «Ætte veggsmaug kjem det regnflaug». Det er registrert frå Meldal, Støren og Melhus, men er sikkert kjent fleire stader. Hans Ross har det frå Stjørdalen i si store ordbok frå 1895: «Veggsmaug gjer allti regnflaug». Vidare har Einar Seim det med i si store samling av «Ordtøkje og herme»; der lyder det slik: «Etter veggjesmòg kjem det regnflòg». Utforminga hos Seim tyder vel på vestlandsk bakgrunn.

Eit anna ord for veggsmaug er husføykje, oppskrive frå Bøherad i Telemark. Også her skal det vera førebod om mildvêr.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Etter veggsmaug kjem regnflaug

  1. tojk on said:

    Ragnhild Stavne Bolme, Rindal, har ordet «meåsnø» for dette. Det må vel vera snø som legg seg i me(de)fara i tømmervegg?

  2. tojk on said:

    Da har vi fått stadfesta at dette heiter «meåsnø» i Rindal. Uttrykket «veggsmau» er nyleg drøfta på facebook-gruppa «Ord og uttrykk fra Meldal», og der er det stadig kjent, også som vêrmerke: «Det kjæm bestandi regnflau ette veggsmau», eller «ætte veggsmau bli det regnflau». «Sle mesta alder fel det nei», seier Jorunn Rye i denne gruppa.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: