Moro med ord og uttrykk!

Sola stig eit hanesteg for dag

Vintersol

Med dette bildet markerer vi at det går mot lysare tider og at sola kjem gradvis høgare på himmelen. Det går smått, men sikkert, og på folkemunne har ein gjerne målt dette i hanesteg. Dette er eit ganske stutt steg, og det heiter gjerne at sola kjem eit hanesteg høgare på himmelen for kvar dag.

I staden for hanesteg kan ein snakke om hanefet eller haneføtt, som jo tyder akkurat det same. Etter trettandagen stig sola eit hanefet for dagen, sa dei i Lærdal, og på Voss: ”solæ auka eit hanafet fy dagen”. På Inderøya var seiemåten ”sola månnå i haniføtt te da’n”, og da tenkte ein på at ho kom lenger framover synsranda (fjellet) for kvar dag.

Eit tredje synonym er haneskrev, som også er brukt i denne samanhengen. ”Etter nyåret lengjest dagen eit haneskrev”, står det hos Ivar Aasen i hans ”Norske Ordsprog”. Frå Nesset: ”Sola går opp eit hanaskræv for dagjen”, og frå Haltdalen: ”Dagen længtas et hånnåskrev” frå solkverv og fram til trettandedagen. I Sunndal sa dei rundt trettandedag jul, når ein tok til å sjå mon på dagen, at ”da’n ha lengtest et hanaskrav”.

Somme optimistar ser forresten mon på dagen veldig snart. Det er herma etter ein oppdaling som var i Sunndalen i eit ærend på ”sjursmøssdagen” (23. desember). Det vart noko seint for han, og dei meinte han måtte bli over til neste dag. Men han tok på heimveg og meinte det ikkje var noko problem, for ”han ha lengtest bra daginn, no!”

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Sola stig eit hanesteg for dag

  1. tojk on said:

    Da har vi fått bekrefta «hanskrav» frå Rennebu, ved Randi Olise Hoel. Kan elles nemne at dei i Sunndal tala om at «sola ovra seg» når ho kom høgare på himmelen utover etterjulsvinteren.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: