Moro med ord og uttrykk!

Skandert?

Skandert

Her må ein vel kunne seie at lysstolpen er noko skandert. Eller – ? Språkobservatør Rune Stavaas i Hemne fann nemleg inga slik tyding av skandere da han slo opp i nettordbøker.

Her står det nemleg at å skandere er å dele eit vers opp etter verseføtene, å lesa eit vers slik at rytmen kjem klårt fram. I tillegg er det nemnt ei enda meir snevert fagleg tyding: å analysere og teikne av ved hjelp av elektronstrålar.

Den som skriv desse linjene, måtte ganske høgt opp i utdanningssystemet før han lærte at det var noko som heitte å skandere dikt. For han verka den slags øvingar forresten heller til å skandere gleda ved poesien.

Både for Stavaas og meg vil å skandere nemleg seie å skade, gjera skade på, fara stygt med, skamfare, øydelegge, ramponere. Det går an å skandere foten sin, sykkelen sin, koppar m m. Eller som i dette eksempelet frå Surnadal: ”Hakkespett’n he skandert veggjinn på nyløåinn”. Slik bruk av skandere er kurant både på Nordmøre, i Sør-Trøndelag og Nord-Østerdalen. Arkivmaterialet tyder på at det ikkje er heilt ukjent i Nord-Norge heller. Blant anna finn vi eksempel på det i den klassiske ”Vett og uvett”.

Er dette verkeleg same ordet? I min eigen Norsk Ordbok, der dette no er ferdig redigert i band 9, har ein rekna med det. Opphavet blir ført til eit latinsk verb scandere som tyder å stige opp, og som heng saman med skala (opphavleg ’stige, trapp’). Men korleis kjem ein over frå verseføter til skadeverk?

Vi kan ha eit ”manglande mellomledd” i ei tyding som finst i somme dialektar. Her kan du skandere folk på den måten at du skjenner på dei, overhøvlar, æreskjeller dei. Spesielt i Gudbrandsdalen finn ein denne bruken, men også i Folldal, Nord-Østerdalen og somme plassar i Telemark. Eit par andre plassar blir skandere oppgitt som å prate stygt, nedsetjande om folk (Nordre Land), eller å laste nokon, trekke fram feil (Valle). Kan det ha gått frå å lesa opp vers med tydeleg rytme til å føre klar tale om kva ein meiner om folk, og derifrå til å påføre fysisk skade? Jau, fullt mogleg – det finst eksempel på meir dramatiske tydingssprang.

Men eit par storkultar blant språkforskarane, Ragnvald Iversen og Einar Haugen, har også peika på eit lågtysk verb schandern, som tyder å baktale, å skjelle ut. Dette kan ha spela inn.

La oss avslutte i Hemne: Om ein skar seg med ljå eller sigd, kunne ein gå glipp av slåtte- eller skurdgrauten. Da vart det sagt: ”No skandert du grauten!”

Advertisements

Single Post Navigation

4 thoughts on “Skandert?

  1. En liten anekdote til siste avsnitt:
    Jeg var med ei gruppe på Jämtli i Østersund og spilte teater i 1998. Jeg skulle ha et møte med en av lederne der, og måtte vente på vedkommende sitt kontor. På bordet lå tilfeldigvis en skademelding fra en som hadde skåret seg på en ljå samme dag.
    På et av spørsmålene i formularet oppdaget jeg et skikkelig godt svar, spørsmålet var: Vad hände när skadan inträffade?
    Svaret var like godt som spørsmålet: «Jag började blö.»

    Har dere forresten drøftet dialektordet «Ljåmus»?

    • tojk on said:

      Takk for kommentar, Kjetil! Ljåmusa har vi ikkje tatt (for oss) enda, men det bør vi absolutt, i alle fall til sommaren!

  2. Ivar Saugestad on said:

    Hei. Her i Namdalen har vi utrykket «skansert» (skainnsert) som tyder det same som ydelagt. mvh Ivar F SaugestadNry/Overhalla Date: Mon, 7 Jan 2013 19:11:49 +0000 To: ivar.f@hotmail.com

    • tojk on said:

      Takk for den kommentaren! Her har vi opplagt ein variant. «Skansert» er registrert også frå Nord-Fosen (Roan, Stokksund)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: