Moro med ord og uttrykk!

Andbert

Katt

Brrr! Kaldt å vera pus her. Vonar det går an å sjå pusten til katten på bildet. Når det er så kaldt, og så klår luft at ein ser pusten stå som ein røyk, eller eit gov, er det andbert. Dette er/har vore sagt i indre bygder i Sør-Trøndelag, pluss Nord-Østerdalen, frå gammalt også i Inntrøndelag, og her og der i Nordland og Troms. Det er jo først og fremst ute ein opplever slikt, men det kan også skje i eit veldig kaldt rom. Som eksempel kan vi ta denne utsegna frå Rennebu: ”-Det va annbert da oss kom ut om mårgon”. Johan Hveding i ”Håløygsk ordsamling” har ein litt annan måte å seie det på: ”lufta e ainnberr”. Første delen av ordet er sjølsagt ande = pust.

I Valdres og Hallingdal heiter det at det er andebert, og i Sunnhordland han er andabær. Ordet er ikkje belagt i norrønt, men det må nok ha eksistert også den tida. Det kan vi slutte av at islandsk har ”það er andabert”.

Det har vore knytt vervarsel til dette også, men litt motstridande. I Kinn i Sunnfjord sa dei at ”kyra (kua) æ so andeber”, og det skulle tyde regn. Men Paul Woxeng gjengir tradisjon frå Ytter-Namdalen om at når ein i disig, regntungt vêr blir andberr (kan sjå sin eigen pust), er det teikn på oppklårning.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: