Moro med ord og uttrykk!

Tjuandknut jagar jula ut

ut med juletreet

Her er juletreet hausta og kasta ut, for no er det tjuandhelg, og 13. januar er tjuandedag jul. Da kjem tjuandknut og jagar jula ut, heiter det. Etter gammal rekning skal jula vera slutt no, og juleølet oppdrukke.

Dette vart markert på forskjellig slags vis kringom i landet. For eksempel kunne dei ta soplimen og ”jaga ut jula”. På Ålvundeidet på Nordmøre sopa dei denne dagen ut halmen og einebaret dei hadde strødd med på julekvelden, og sa at ”no kom ’en tjuandknut og sopa jula ut”.

Nils Ulvund i Ålvundfjorden fortel at mor hans sa at det var tjuandknut som jaga jula ut når det peip i kjøkkenomnen. På den måten fekk ho ungane til å vera roleg ei lita stund.

Sjølv har eg vore med på å gå tjuandknut, i øvre Sunndal. Da gjekk vi utkledde rundt til folk, akkurat som når ein gjekk julebukk. Eg hadde suksess ein gong vi gjekk tjuandknut til læraren vår. Da var eg den einaste han ikkje kjente att, godt kamuflert i kvinnfolkklede lånt av mor.

Før var tjuandedagen rekna som den gamle nyårsdagen, på same måte som trettandedagen var den gamle juledagen. I Romsdal sa dei at dersom det snødde på tjuandedagen, ville det bli 20 snørier før sommarmål, står det å lesa i boka ”Dag og merke”.

Men kven er så denne Knut? Jau, det er den danske hertugen Knut Lavard, som vart drepen 7. januar 1131 og seinare gjort til helgen. Minnedagen hans er altså 7. januar, og det har vore sagt at ”Sankte Knut” jagar, sopar eller kjører jula ut også denne datoen. Men han har altså vorte knytt til 13. januar òg.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: