Moro med ord og uttrykk!

Er du trygvant?

Truger

Truger kan vera kjekke å ta seg fram med i snøen på visse typar føre. Her ser vi eit par moderne truger, men dette fottyet har lang tradisjon, både til folk og hest. Til og med oksar har hatt truger på.

I mange dialektar seier ein tryg- med y. Trygføre har vi når trugene verkeleg kjem til sin rett, det vil seie i djup laussnø, eller når det er berre litt «hald» i snøen, tynn skare. Den store bereflata en får med truger på foten, gjer at ein ikkje bryt så lett gjennom. Da er det tryghald (Nordmøre),  trygstø (Meråker, Skogn, Frol) eller trygskårrå (Sparbu).

Det er sjølsagt litt andre krav til trugeføre for hest. Ein test kjørekaren kunne ta, var å hoppe i veret og sette hælane ned i snøen. Dersom skaren da heldt, rekna han med at hesten kunne ta seg fram med truger. Er det såpass fast at ein kjem seg fram også utan truger, kan det kallast tryglausføre.

Ein gang med truger er eit sett (4 stk) til hest, akkurat som det heiter ein gang hestesko, ein gang hesteskosaum etc. Det kan også vera ein halvgang, altså eit sett med to truger, og hesten kan vera enten heiltrygt eller halvtrygt – ha truger på to eller fire føter. Til hest kunne det også bli brukt fjøltruger – av ein fjøllapp.

Hesten kan risikere å få trygsår – gnagsår av trugene. For å unngå dette,  må ein sveipe ei fille rundt foten hans, ei trygfille, trygflysse, trygsokk og sikkert andre namn. Uansett var det eit fordel å ha ein god tryghest, ein som var trygvant!

Sjå også om å gå berrlest, innlegg den 28. november i fjor.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: