Moro med ord og uttrykk!

Språkkåeine

Tørreine

Her ser vi ein eine(r) som er i ferd med å tørke inn på rot. Dette er lett antenneleg saker, veit vi, og tørreinen brenn så det sprakar.

Tørreine byr seg også fram som eit naturleg og passande skjellsord for ein snarsint person – eit menneske som fatar i som – nettopp ein tørreine! – Det e som å teinn ti tørreinin, kan det bli sagt.

Oddbjørn Nærvik i Orkdal har sendt inn eit gammalt ord frå Hoston i Orkdal. Språkkåeine var einekvistar som var oppbevart på veggen over omnen og kunne hivast nedi for å få fart på elden når ein letta på gryta eller tok vekk ringane på omnen for å sette på gryta. Oddbjørn har ordet etter far sin, som han hørte bruke det ein einaste gong. Det er bra med observante folk som har øra med seg!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: