Moro med ord og uttrykk!

Smistein

Smiestein

Bildet her er sendt inn av Oddbjørn Nærvik frå Hoston i Orkdal og blir gjengitt med løyve frå han. Det forestiller ein smistein, som var brukt når ein skulle sette på jarning på trehjula på gamle vogner. Oddbjørn fortel: «Oldefar min var smed. Dagen etter at han dødde, vart smisteinen vår «annektert» av ein nabo. Far min hadde detaljkunnskapar om bruken av smistein(ar). Biletet viser smisteinen «vår», og reiskapen øverst er ein av «spesialspakane» som var brukt når ein førte over jarninga frå steinen til hjulet. Som du sjølvsagt ser er det ikkje samsvar mellom storleiken på hjulet og smisteinen her».

Og vidare: «I Lomunddal (dvs i gamle Hoston skolekrets, Orkdal kommune, på grensa til Rindal) finst ein stad som heiter Smisteinstufta».

Dette ordet mangla vi i arkivet frå før, bortsett frå eitt belegg, med ei noko anna tyding. I Dalane i Rogaland er smistein ei steinblokk brukt som ambolt eller fundament for ambolt i smie.

Stor takk til Oddbjørn for særs interessant og verdifullt bidrag! Vi tek like godt med enda eit bilde av smisteinen:

Smistein2

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Smistein

  1. Anne Mari Svinsaas on said:

    Oddbjørn er interessert i og har greie på mye.

  2. tojk on said:

    Som fleire har påpeikt her, også Oddbjørn, er det snakk om ein kvernstein som har fått ny bruk. Frå eit språksynspunkt er det interessant å merke seg at da kan tingen også få eit nytt namn.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: