Moro med ord og uttrykk!

Styggvêr i vente

Bilde 3

Her er nok styggvêret på veg inn. Det finst ein del vêr-observasjonar som blir sitert på folkemunne, der det blir spelt på det tvetydige i ordbruken. Nokre av desse er samla i boka «Ka sa du?» frå 2007. her kjem dei, pluss litt supplement:

– Hainn står uti og heill’n inni, og det e’ nok ittj læng før det dryp tu’n, blir det meldt frå Ørlandet.

 –          Han kjem settande inn med ein stygg tjukkje kvar einast kveld, og så dryp det tu nå heile natta (Hans Hyldbakk i avisa Driva 15.10.1977)

To trondheimskoner førte ein dialog om dette: – Hainn bli stiv te natta! sa den eine. – Ja, kjæm-en-inn no, kainn-en gjørra skade! svarte den andre.

 – Kjæm ’en inn som ’en står, så går det folkliv! åtvarar dei på Hitra. Hitterværingen Petter Risvik hermar etter bestefaren, som kommenterte vêret når det drog seg opp til ein eling: – Hainn står no så du kainn ta ti’n!

Ein plass på Nordmøre stod kjerringa og kallen ein kveld og vurderte vêrutsiktene. Samtidig nytta kallen høvet til å lense for natta. Dette var i slåttonna, dei hadde mange halvtørre hesjer ståande, og kjerringa var litt ottefull: – Hainn e tjukk i kveld! –  Ja, hainn fylle-ti hainna, ja, konstaterte kallen.

 Ein verdaling avla denne vêr-rapporten:  – Æ va opp klokka fæm i dag og såg på’n, og da va’n ko blå. Lei om lite grainn vart’n løddin omkreng, og fenn æ fekk på mæ boksa sto ’e tu ’åm!

 På Hitra let det slik: – Når æ for ut, så låg ’en så fin og blank som ræva ti ei lærarinn’. Når æ kom inn, så va’n kul svart, og om det at det draup tu’n!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: