Moro med ord og uttrykk!

Tautersau på bokt’n

Bilde 4

Her har uvêret treft land, og han har «slæft-ut gråver’n», som det er sagt i spøk utpå Hitra når det har vorte gråvêr, med regn. Når det er fare for at vinden går på vest og det kjem nedbør, kan dette uttrykkast slik på Hitra: – Æ e redd han går uti’n og gjær ti’n!

Sjøen går kvit-toppåt, som det av og til er sagt. Eit anna ord for dette er kvitskavlåt, som i denne skildringa frå Tingvoll av ein liltt meir moderat vêrsituasjon: – Sjy’n e litte granne rokkåt, men han går ‘kje kvitskavlåt.

Folkeminnesamlaren Karl Braset (frå Sparbu) registrerte dette uttrykket: – Det e tautersau på bokt’n. Da blæs det så mykje at det er kvite skavlar, som liknar på sauer.

På bildet er det pålandsvind. Men frålandsvinden, landvinden, kan også vera stri somme tider. Vi skal igjen til Hitra, der det var ein kall som hadde begynt «å toill tå oppi haue sett». Han var heime ein gong iblant. Så var det ein repping på førjulsvinteren, med så gale landvindsrokk. Kallen gjekk og stabba vindaugsmellom og meinte at han ikkje hadde opplevd slik landvind nokon gong. – Jau far, sa ein av gutane hans, – du huse da vel, det va ei vækka han heldt på ein heil fjortendaga! Og det var kallen heilt enig i!

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Tautersau på bokt’n

  1. Tautersau’n e’kje kvit, mæn gråvordinn, og med svarte føter og fjes. Ettekommaran ette tautersauo finst inda og hete fær «grå trøndersau» no.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: