Moro med ord og uttrykk!

Strukku og grunnstøng

Snø med åpen elv

Her har det vorte «vebju» i trea igjen, men elva er open, og renn i eit fint stryk. Eit slikt elvestryk er også kalla ei strukku (somme plassar i Trøndelag, pluss Nordmøre). «Strukua gjekk han til beltes», fortel Leif Halse i boka «Raud brystduk» om ein som skulle vasse over elva.  På Indre Nordmøre kan det også bli sagt ei strøkku. «Laksen stanga strøkku og svinga seg og spratt» heiter det i ei gammal vise frå Sunndal.  Meir poetisk er Hans Hyldbakk, når han seier «For deira eiga livsens elv har fått så strid ei strøkku».

I Sparbu og Snåsa er slike stryk av ein eller annan grunn hankjønn:  ein stråkkå.

Vi kan ikkje sjå det på bildet, men nyttar likevel høvet til å ta opp eit elveord som ser ut til å vera spesielt for Verdalen. Det gjeld eit naturfenomen som kan forekomma om vinteren, og det kallast grunnstøng. Dette er når det legg seg is på steinane på elvebotnen i straumstryka utan at det blir is på overflata. Elvebotnen «skjøt is», slik Kjetil Dillan beskriv det. Han er usikker på kva som forårsakar dette, men seier at det vatnet i elva kanskje rett og slett blir så kaldt at det frys fast til botnen, der straumen er mindre enn på overflata. Kanskje andre kan hjelpe oss med å forklare fenomenet, som det altså finst eit heilt presist dialektord for. Elveisen blir i alle fall aldri liggande lenge når han legg seg på den måten, seier Dillan.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: