Moro med ord og uttrykk!

Trebjønn

4

Ikonn, ikkønn, ekorn – litt dialektvariasjon er det på namnet. Kjønnet varierer også: Offisielt er ikorn eit inkjekjønnsord, men ganske mange vil bruke hankjønn: ein ikånn e l. Men i somme målføre har dei også heilt andre ord for denne trivelege skapningen. Ganske mange plassar sønnafjells heiter han trebjønn. I Rørostraktene finst namnet tallbjønn, likeeins i Solør. Barbjønn har vi i Nord-Gudbrandsdalen, buskebjønn somme stader på Austlandet, og furubjørn i Vest-Agder. Om favorittkosten vitnar natabjødn (altså ”nøttebjørn”) frå Voss. Ivar Aasen registrerte nateskrikje frå Sunnmøre. Dette er jo eigentleg eit fuglenamn, men her altså overført på ikorn.

Så finst det ein del talemåtar knytt til ikorn. – Du tåra som ein ikonn, heitte det i Hemne, og da var det snakk om krokodilletårar, eller falsk gråt. Eit nordmørsuttrykk for dårleg, svakt brennevin er ikonnbrennvin –her er vel ikornet oppfatta som eit litt svakt og puslete dyr. Meir futt er det over denne skildringa av eit overstressa kvinnemenneske, på innherredsmål: – Hu fer og renne som ei pesstrøng ikonnkjøys! Ekornbind er eit nyare slanguttrykk for snus i pakker.

Etter eit herremåltid var det ein nordmøring som presterte denne: – Vi åt så navlinn sto ut på magå som et ikonnhau!

Det finst ein del folkelege varsel som har med ikorn å gjera. Når ikornet byggjer bolet høgt, blir det snøvinter, og likeeins når det legg forrådet sitt høgt i trea. Blir matlageret derimot plassert lågt nede, kjenner ikornet på seg at det vil bli lite snø. Når det trekkjer inn til husa i store mengder, blir det uår eller frostår. Skiftar det farge tidleg på hausten, blir det tidleg vinter.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: