Moro med ord og uttrykk!

Mang slags skare

P1000100

Det er hevda at inuitane har spesielt mange ord for snø. Dette er nok i stor grad ein myte, og vi er uansett ikkje så borte i norsk heller. La oss gå ut frå at det er skareføre på bildet, og sjå kva vi finn innafor trønderdialektane på dette feltet.

Vi har registrert mange samansetningar med ordet skare i trøndersk, og også mange andre ord som viser til skareføre på ein eller annan måte. Her er eit knippe: Hardskarri/hardskårrå er jo eit opplagt ord å bruke. Gongskårrå (Brekken) er skare som du kan gå på. Skiskårrå (Glåmos) er skildra som ca 2 tommar tjukk skare, og da kan ein vel gå på ski på han. Trygskårrå (skare som ber mann med truger) har vi vore inne på i eit tidlegare innlegg. Karfør’ vil seie at skaren ber mann, men ikkje hest (Meldal). Elles er oppstaføre eit ord som er brukt fleire plassar om skare som er så sterk ein kan gå på han. I ei facebookgruppe frå Selbu er nemnt tøskårrå – skare som lausnar utover dagen, og glenskårrå – hard, glatt skare, nærmast som is, i fjellside. Vårskårrå er skare så ein fekk kjøre heim markahøy frå løe eller stakk utpå seinvinteren. På Nordmøre finst eit par skjemteord kattskarre og kråkskarre om veldig tynn skare. Frå Fosnes har vi skarraskå om tynn, utrygg skare. Det same heiter glasskårrå på Glåmos.

For gjennomslagsføre er det mange ord: Bråttføre, bråttåføre, bråttsnø (Sandvollan), bråttskarri (Foldereid), sjænnskårrå (Ogndal), blautskårrå (Ålen), råttiskårrå (Mosvik), råttifør’ (Hitra), skarvfør’ (Fosnes), hengelfør’ (Snillfjord). I Overhalla heiter det «det e itt oppgang» når skaren ikkje ber.

Vi avsluttar for denne gongen med nok eit uttrykk frå Overhalla, det gjeld gjennomslagsføre: Skroppfør’ var sagt av jegerar, dei greidde ikkje å ta seg lydlaust fram da.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: