Moro med ord og uttrykk!

Archive for the day “mars 15, 2013”

Vaddatryg

4

På skiturar på seinvinteren har mange vore ute for det: Du kjem nær innåt eit tre, og brått er snøen kav roten, så du søkk heilt til botnen. I Nord-Trøndelag finst eit dialektord for slike ”hol” innmed trestammar. Det kallast vaddatryg i Inner-Namdalen og våddåtryg i Snåsa. Frå Egge har vi varianten våddåtrø . Ordet ser ut til å vera hankjønnsord oftast. Første delen er sjølsagt vade, men sisteledet ser nesten ut til å ha samanheng med truge.  Når dei i Overhalla seier vaddatrøyg, ser det ut til å ha kopla seg til trau, og likeeins når det heiter våddåtraug i Malm og Verran. Somme vil meine at ordet først og fremst gjeld kanten på desse gropene, fekk vi opplyst på Namdalseid 11.mars. Det mest vanlege er nok likvele å bruke det om fordjupinga. Når det er mykje snø, blir trea ståande i slike fordjupingar, og det kan vera tungvint for tømmerhoggaren å grava seg nedåt.

Frå ytre strøk i Namdalen er det opplyst at dette fenomenet kunne bli omtalt som «lyrengen rundt trerota» (Gravvik). 

Øystein Sunde syng om «det året det var så bratt». Men på  Høylandet er det  tale om «det året det va så ‘pi hælvett te vaddatryg!” Det blir også fortalt om ein hålling (innbyggjar av Høylandet) som ramla nedi ein slik vaddatryg og ikkje kom opp att før til sankthans.

Post Navigation