Moro med ord og uttrykk!

Neste stadium: Rotreint, rotbette

5

I førre innlegg tok vi for oss vaddatryg, som er groper med laus, roten snø ikring trea på seinvinteren. Det er her det først blir bert i skogen. Det kjem fram ein snøberr ring rundt treet, og denne utvidar seg gradvis.

På dette stadiet sa ein i Verran at treet er rotreint, og det var frå gammalt rekna som eit godt teikn,  på tidleg vår. I Surnadal sa dei at det var rotbette eller rotbert, når det tok til å bli bert rundt trea om våren. Her kunne ein også seie at det var vårbette når det begynte å bli bert rundt tre og busker. Også ein person kunne vera vårbettinn – brunbarka etter å ha opphalde seg mykje ute i sola på seinvinteren. Det er slik du blir under gode forhold i påskefjellet!

Det er også eit merke på korleis det skulle sjå ut i naturen rundt 12. mars om alt  var i rute. Da burde det bla. ha vorte berr ring rundt trea.  Her er ein versjon frå Hitra:

Ring rundt kvart eit tre

Tjeld på kvart eit nes

Sei på kvar ein grunn,

Skrei på kvart eit med

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: