Moro med ord og uttrykk!

Blåstøe

9

Sjøl om det er vinterleg mange plassar akkurat no, så veit vi det er ikkje så lenge til all denne snøen skal vekk. Da får vi ein fase der det kan vera skikkeleg sørpeføre bortover markene. Snøen blir svært blaut og vassblanda, gjerne med vassdammar innimellom. Litt av dette ser vi på bildet. Det skvett til alle kantar når ein trør i slikt. «Snøgraut» er den treffande skildringa ein av informantane våre gir.

Blåstøe er eit ord for denne tilstanden. Det finst på Nordvestlandet frå og med Sogn til og med Nordmøre, og så går det såvidt inn i Trøndelag (Hemne, Hitra, Frøya). Somme uttalevariantar har vi, som blåståe (Smøla) og blåstae (Valsøyfjord, Aure).  Vi kan koste på oss eit illustrerande sitat: «Vintersnjø’n flöt e blåstøå på alle ekrå» (surnadalsmål, Ola J. Holten i avisa Driva 24.5.1988). I Surnadal skal ordet også kunne brukast nesten parallelt med sorr, om tynn issørpe på vasspyttar og dammar. Blåstøe kan det sjølsagt også bli elles på vinteren, enten før snøføret får festa seg retteleg, eller under mildversbolkar med regn.

Støe etc heng saman med å stå, og denne vassblanda snøen som står i dammar kan absolutt verke mørk og blåleg, om det ikkje kjem så tydeleg fram på bildet. Men det finst også eksempel på eit anna førsteledd. På ytre Nordmøre heiter det somme plassar blautstøå (Eide, Gjemnes, Averøya). Elles på Nordmøre er det gjerne blåsstøå med kort å og tostavings tonelag. Dette høver ikkje så bra med adj blå i førsteleddet, for da burde det vore lang vokal og einstavings tonelag (som i t.d. blåmann). Men å-en kan ha vorte forkorta framfor konsonantgruppe, og det kan igjen ha ført til at ordet har vorte omlaga og bryt med det vanlege mønsteret. Alternativet er at vi i blåsstøå kan ha eit førsteledd blot (uttala «blått») som kan ha tydd ‘bløyte’ og som heng saman med blaut. Det er ganske klart når vi finn forma blåttstø(a) på Frøya. 

Det får vera som det vil, sjaskete og ufyseleg er det i alle fall. men vi må nok gjennom det!

 

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: