Moro med ord og uttrykk!

Skjellbreia

P1000469

Slik tok Skjellbreia i Bymarka ved Trondheim seg ut på palmesøndag i år. Under skituren i dette området fekk eg spørsmål om namnet av ein kjenning eg møtte på, og same dag dukka det også opp på facebook-gruppa «Ord og uttrykk fra Meldal» (http://www.facebook.com/#!/groups/317316708316597/).

Skjellbreia er det største vatnet i Bymarka. Trondhjemmarar seier forresten helst «Skjælbreia» med lang æ-lyd og tjukk l. Namnet finst mange plassar i landet, og oftast gjeld det innsjøar og vatn.

 Namnet ligg føre i mange variantar, ikkje minst som slektsnamn. Folk skriv seg for eksempel Skilbrei, eller Skilbrigt, og ikkje minst Skjelbred, som vi kjenner godt både frå fotball og skiskyting. I slike tilfelle kjem det nok helst frå gardsnamn.

 Opphavet er det norrøne ordet skjaldbreiðr. Det er eit adjektiv som må ha betydd om lag ’brei som eit skjold’, og det er altså visse naturformasjonar som dei ein gong i tida har følt det naturleg å samanlikne med eit skjold.

 Du spør kanskje kvifor det da ikkje heiter skjoldbrei eller Skjoldbreia? Dette har med lydovergangar i det gamle målet å gjera. I ordet skjold  vekslar vokalen slik at han av og til er a, som i genitivsforma skjaldar. Han er a også i samansette ord i norrønt med skjold som førsteledd. Skjoldkant heiter for eksempel skjaldar-rond, og lista dei hadde på båtripa til å feste skjolda sine på, heitte skjaldrim.

 Overgangen frå Skjald- til skjell- i Skjellbreia  er heilt vanleg og grei. Det er som når norrønt fjall blir til fjell. Vil du ha eit fint ord for dette, så kallar fagfolk det for progressiv j-omlyd.

 I mitt eige «heimeområde», Sunndalsfjella, finst Skjellbreia som namn på ei elv som renn ut i Aursjøen, i grensetraktene mot Oppland. Her har vi også Skjellbreidalen og Skjellbreihøa. Nordaust for Skjellbreihøa ligg Skjellbreitjønna, utan direkte samanheng med elva Skjellbreia.

 Men ”den skjoldbreie” høver da dårleg som namn på ei elv? Det som mest truleg har skjedd, er at elva har fått namnet sitt overført frå eit vatn. Her er det to kandidatar Skjellbreivatnet, eitt oppunder Svarthammaren, der Skjellbreia startar, og eitt som ho renn gjennom like før ho munnar ut i Aursjøen. Etter kartet ser begge desse to såpass rundvorne ut på skap at det kan stemme bra. Tilsvarande overflytting av namn mellom vatn til elv kan vi forresten konstatere mange plassar.

 Elles er Skjellbreia stundom fjellnamn, såleis også på Island. Det er da truleg fjell med rette, breie flater i bergveggen. Norsk Stadnamnleksikon kan opplyse at det også finst som namn på skjer i sjøen. På Island er Skjaldbreid bruka som dyrenamn, på sauer med skjoldliknande flekk på ryggen. Gardsnamna, som altså oftast er utgangspunkt for slektsnamn som Skjelbred o l, er nok som regel overført frå ein naturlokalitet, f. eks. eit vatn som garden ligg ved. Men i somme tilfelle kan gardsnamnet vise til ein flat og rund jordveg.

 I det siste har det vore ein liten debatt om Skjellbrei-namna i det namnefaglege miljøet i Norden. Forskaren Vidar Haslum har halde fram at namneberarane jo er mykje breiare enn eit skjold, og om ein var ute etter jamføring med eit skjold, kvifor ikkje kalle lokaliteten rett og slett Skjold? Staffan Fridell har svart i siste nummer av tidsskriftet «Namn og nemne». Han peikar på at –brei som sisteledd ikkje kan forståast som absolutt breidd i meter eller kilometer. Det er heller slik at lengda og breidda på objektet er relativt jamstore, og det er nok det eldre namnegranskarar også har meint med tolkinga ‘brei som eit skjold’. Fridell viser elles til ein parallell i innsjønamnet Svärdlången i Värmland, ein innsjø som er svært lang, smal og bein og på den måten kan likne eit sverd.  

 Namnelagingar til skjaldbreiðr kan vera temmeleg gamle. Dei må ha vore ”på moten” og ha kjentest naturleg å ty til i ei tid da skjoldet hørte til våpenutrustninga, og da kjem vi fort tilbake til tidleg mellomalder eller vikingtid.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: