Moro med ord og uttrykk!

Tjelden, sjøskjora

29

Tjelden er for lengst komme. Han er ein av dei første trekkfuglane som melder seg; somme stader kan han dukke opp alt i slutten av februar. Den 12. mars skal han uansett vera her, daud eller levande, har det vore sagt. «Gregorius dag skal tjelden vær’ på kvert eit snag», heitte det i Nord-Norge.

Namnet tjeld går tilbake på norrønt tjaldr, som fuglen også heiter på islandsk. På færøyisk er det tjaldur, og der er han også nasjonalfugl. Ordet går tilbake på ei gammal rot som kan ha betydd om lag ‘gå med stive føter’. Det er ikkje så mykje variasjon i uttalen, men i Osen er det sagt kjill, og på ytre Nordmøre kan han bli omtalt som kjellå (da blir det samanfall med ordet ei kjelle om ei kvinne).

Andre namn er kleppatjeld (Eide på Nordmøre), skjortjeld (Sogn og Fjordane, Sunnmøre) og sjyskjor (også Eide på Nordmøre). Tjelden har jo felles farger med skjora, med unntak av det raude på nebb og føter. Ein av våre informantar fortel at han høyrde ein i Sel i Gudbrandsdalen som kalla tjelden for sjøskjora. Han hadde det neppe lokalt derifrå.

Så har ordet tjeld gått inn i andre fuglenamn. Gråtjeld er eit anna namn på raudstilk. Denne er kalla kvekka(r)tjeld i Fosen. Ivar Aasen fører dette namnet opp frå Nordmøre og Sunnmøre. Hans Strøm (Sunnmørsbeskrivelse, 1760-åra) meiner det kjem av at «den er meget qvik ): munter og levende, saasom den aldrig staaer stille». Steintjeld er lokalt namn på steinskvett i Gravvik i Namdalen, og i Foldereid har strandsnipa vore kalla såtjeldStortjeld i Rissa er truleg den vanlege tjelden, sett i motsetning til kvekkatjelden. 

Tjelden var ein merkefugl, som vi alt har vore litt inne på. Om han kom tidleg, ville det bli ein mild vår og ein god sommar, trudde dei. Var tjelden raud på føtene, betydde det varm sommar. Var han bleik på føtene, skulle sommaren bli kald og sur. Låta var også viktig. Sa han «klip – klip», ville sommaren bli varm, men let det «de bit – de bit», gjekk det mot ein våtsommar. Ein  kunne bli «dåra» av flyttfugl, det vil seie å vera på fastande hjarte når ein hører fuglen første gong om våren. Dette var uheldig. Vart ein dåra av ein tjeld, kunne ein få utslett. Om tjelden kjem opp på marka i staden for å halde seg i fjøra, ventar han styggver, meinte dei på Senja. I Alstahaug skulle det bli nordavind dersom tjelden satt og kurra. Og så lenge tjelden syng før vårfrumesse (25. mars), så lenge skal han teie etterpå, var trua i Sogn. Godvêret hadde da lokka han for tidleg ut.

Ikkje minst tok dei varsel av tjelden for kjærleik og samliv. Om ein såg to tjeldar i lag (som på bildet) første gongen ein observerte han om våren, ville ein bli gift det året. Og såg ein tre på ein gong, ville det bli både make og barn i løpet av året!

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Tjelden, sjøskjora

  1. tojk on said:

    Rett skal vera rett – på islandsk er det tjaldur. Elles er det komme fram at det er chalder på Shetland (takk til Ragnhild Ljosland), og liknande på Orknøyane (takk til Berit Sandnes)

  2. tojk on said:

    Frå Haram på Sunnmøre er tju(v)tjeld notert som namn på raudstilk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: