
Vi har tidlegare i denne spalten sett på tjelden, men her har vi også ein fugl som kjem veldig tidleg. Staren med den glinsande fjørdrakta si er eit sikkert vårteikn.
Staren er faktisk kommen på den norske raudlista no – ein art som er ”nær trua”. Bestanden har gått tilbake her dei siste tiåra. I Europa ca halvert dei siste 30 åra. Blant årsakene er endringar i jordbrukslandskapet (færre krøter på beite) og færre hekkeplassar (nye driftsbygningar med færre hol og krypinn). Folk blir derfor oppfordra til å sette opp starebur.
Men her får vi vel halde oss til det språklege. I offisiell norsk er det to former som konkurrerer: Nynorsk har stare (star er også godkjent), medan bokmål har stær. Stare tilsvarar den norrøne forma stari, og stær er det same som i dansk. Svensk har stare.
Formene varierer også i målføra. Stær hører heime på Austlandsflatbygdene, men er også belagt her og der andre plassar, ikkje minst i Trøndelag, og er vel den varianten som er på frammarsj. Men det er mange som seier stare i ymse variantar. På trøndersk område blir det gjerne ei fordeling starre i sør og starri i nord. I Rindal er det forskjell innan bygda, slik at det vanlegvis er starre, men stare med lang a i Romundstadbygda, etter det vi får opplyst. Austleg jamningsform stårrå er nokså sjeldan, men notert frå Gausdal, Rennebu, Soknedal, Meldal og Hølonda. I Selbu og Tydal seier dei stærre. Einstava form star har vi for eksempel i Namdalen.
Svartstare er namnet på staren i Dalane i Rogaland og på Lista. Likeeins finn vi svartstårrå i Rennebu og svartstær i Horg. Stare som byggjer reir under kyrkjetaket, kan bli kalla kyrkjestare (Vest-Agder, Dalane) eller kjerkstarr (Røros). Frå Bjerkreim er notert husastare.
Stare kan også gå inn i dialektnamn på somme andre fuglar, såleis svartstær om svarttrost (Nordli), moldstare om det same (Bjerkreim), skitstare om gråtrost (Bjerkreim), gråstare også om gråtrost (Lista, Dalane), og ikkje minst straumstare som eit gammalt namn på fossekall (også i svensk). I Rogaland finst også bekkjastare om fossekallen, og i Østfold vannstar. Fjellstare er ei eldre nemning på snøsporv.
Om staren kjem tidleg, blir det sein vår, har folk meint. Og akkurat som med tjelden har det vore sagt at så lenge staren syng før vårfrumesse (25. mars), så lenge skal han teie etterpå. I Østerdalen var trua den at om staren var grå å sjå til når han kom, skulle det bli dårleg sommar. Var han derimot blank, skulle sommaren bli god.
Vi kan ikkje forlate staren utan å nemne at han også får gjera teneste som skjellsordmateriale. Skitstare (nemnt ovafor) kan også brukast om ein ureinsleg person. Enda noko kraftigare er røffhølstarri (Namdalseid) og asjhølstarri (Malm), som begge nærmast må oversettast med dritsekk.
Det er vanleg at fuglenamn går inn i klengenamn på folk frå forskjellige plassar, tenk på for eksempel mossekråke. På Frøya har dei flatvalstarri om person frå Flatval. Dette kan ha sin bakgrunn i at hovudtelefonsentralen for Frøya var på Flatval frå starten, og at det satt mykje stare på telefontrådane.