Moro med ord og uttrykk!

Isforr

Elv full av isflak

Her ser vi eit elveløp fullt av isflak. Det hører med til våren at denne isen skal vekk, og vi hugsar frå i fjor at det var skummelt mange plassar i Trøndelag når elvane renska seg for is. Denne isgangen eller isløysinga er det mange namn på. Ganske utbreidd er isforr, og i Gauldalen heiter det issmal (smal = dunder, rammel).

 Kaldflo er eit ord som også kan brukast om isløysing, men kanskje særleg i kuldegrader (Surnadal – «elva skaut kaldflo», Lånke, Høylandet). Jens Haukdal meinte dette var når elva sette opp over isen – elva gjekk da grøn fleire dagar før læka (mildveret) sette inn. Det er også opplysningar frå Horg om at elva kaldflør når is, særleg botnis, skyt opp og forårsakar flaum. Frå Melhus heiter det at når elva kaldflør, begynner elvaisen å gå opp langs land og løyser seg.

 Så kjem vi til ei gruppe ord som har med ein ordstamme rånn- å gjera. Det kan bli sagt at elva rånnå eller rånna (Innherred, Snåsa, Flatanger). Eller det finst som substantiv: Isrånn (Leksvik), isrånna (Åfjord), isrånnå (Mosvik) og elvarånn (Hemne, Flatanger)

I Namdalen er rånnstabbia eller rårnstabbia namn på isflak som blir liggande att innpå land når isen har gått. Var desse høge, ville det bli god kornavling. Flatbrødstablane skulle bli like høge som desse stabbane.

Grunntyding i stammen rånn- ut frå beslekta ord ser ut til å vera ’ramle ned’. Å rånnå vil også seie å fara hardt og uvøre fram, og vi har skjellsord som rånnåbry’ (Klæbu), rånnådall, rånnåjælk, rånnåstaur (Melhus), rånnåkjølke (Horg), om folk som er uvørne, herjar og romsterer – er rånnåsam. Grunntyding (ut frå beslekta ord) er truleg’ramle ned’.

Og så kan vi ta med selbu-uttrykket at elva skuve kalddam – sjøl om det er knytt til ein stutt flaum seinhaustes. Da skuvar elva is og sorr framfor seg nedover, som har hopa seg opp og laga demning. Også overført: Ho ha skuva kalddam, om ei som har abortert. Ganske drastisk biletbruk!

 Ein hardhaus på mine heimtrakter svømte over elva da isforra gikk, og kommenterte: – Godt med eit forfriskande bad! Ein annan versjon vil ha at det var på 2. juledag han gjorde denne svømmeturen. Da stod frakken hans som eit segl, den hadde flote oppå!

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Isforr

  1. tojk on said:

    Isflak som kjem drivande ut Namsen når elva «rånna», er kalla overhallninga.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: