Moro med ord og uttrykk!

Gjøfjøre, langfredagsfjære

Rotvollfjæra 1.1.13

Den fjøra vi ser her, er ikkje på langfredag, men faktisk frå første nyttårsdag i år. Likevel passar det å ta inn litt stoff om fjøre sjø akkurat no. Det blir nemleg gjerne stor fjøre i påska, på grunn av månen. Første påskedag er på første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn, og dermed blir det fullmåne i påska.

Såleis har ein fått nemninga langfredagsfjæra både i Nord-Norge og på Trøndelagskysten. Dette er omtalt ganske nyleg i nettavisa «an.no»: http://www.an.no/nyheter/article6577158.ece. Dette er den største fjøra i heile året, vil ein del folk hevde. Somme plassar i Nord-Norge er det også snakk om langfredagsleira.

På Vestlandet inkludert Nordmøre, i Fosen og i Nord-Norge finst ordet gjøfjøre  om ekstra stor fjøre sist i februar eller mars. Dette er laga til månadsnamnet gjø, som var den månaden som kom etter torre.  Forfattaren Ole barman skildrar dette slik (i boka «Ein mann gjekk heim», s. 104): «Og når fisket vel er i veg so er våren retteleg komen, med gjøfjøre, med tjeld og hegre og alle dei andre fuglane». Det er da fjøra begynner å leva, med all slags kryp. På stor fjøre kan ein også få utretta ting ein elles ikkje kan, som å grava mark, skjera tare m.m.

Vi har fleire andre ord også for stor fjøre i det heile, og ikkje nødvendigvis knytt til påska som Utfjøre, langfjøre, storfjøre og springfjøre. I Vikna har vi stokkfjøro, og stundom kan ein i Nord-Norge støyte på ordet stivfjæra.  Grunnfjøre (Sunnmøre) er den aller djupaste fjøra, som forekjem berre få gonger for året. Stafjæra og stafjæra sjø (somme stader i Trøndelag og Nordland) inneheld vel eit forsterkande sta-.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: