Moro med ord og uttrykk!

Archive for the day “april 10, 2013”

Falari og ferlarium

Det starta med ei gruppe verdalingar som diskuterte dialektord. Kjetil Dillan meinte å minnast ordet ferlarium om antrekk, eller klede, brukt i setningar som «du hi da fleir ferlarium å væl ti». Andre kunne bekrefte at dette var sagt om klesmundur eller kleshabitt. Det viste seg at den solide tradisjonsberaren Svein Guddingsmo hadde sendt inn opplysningar om dette ordet. Med ferlarium forstod han påklednad for eksempel med kjolen nedom kåpa eller blusen nedom jakken, altså når ein «sel flesk» Men så dukka også varianten falarium opp, og da om ei merkeleg samansetning av klede: «onneli falarium du hi på dæ no».

Med dette har vi truleg fått fram eit manglande mellomledd til eit ord vi har atskilleg meir dokumentasjon på, nemleg falari. Dette dukkar opp som målføreord med spreidde forekomstar over eit vidt område, men for det meste avgrensa til det norda- og vestafjelske, kan det sjå ut som. Om store og vide klede, vidt dekke, stort sveip e l er det notert frå Roan: «ke slags falari ha du fått på dæg no», «det va da en falari utover der».

Men så kan det bety fleire andre ting. For det første ‘leven, bråk, huskestue’. Slik er det oppført frå Hemne, somme plassar i Romsdal og eit par stader i Hordaland. Å gjera falari er å halde spetakkel. Det kan også bli brukt i vendingar som «ein kostbar falari» (ein dyr spas), eller «ein dårleg falari» (tankelaus oppførsel).
Og ei heilt spesiell tyding kom inn frå Velfjord på Helgeland. Der «spælla dem fallari’n» – siste slåtten, siste valsen, på fest.

Nok ein variant er falaring. Ein kan få falaring, eller få ein hunds falaring – få korreks, oppstramming, medfart. Dette er oppgitt frå Sørfold, Lødingen og Vesterålen. Og sørlandsforfattaren Jochum Spinnangr skriv om å «gjera kniks og falaringar på tonen». Da er det vel krullar, forsiringar i ein melodi.

Det finst også enkelte andre snodige ordformer som kan vera avsporingar av dette, som falabras om ekstra bry (Rana) og å gå i falander om å gå i knas (Andebu).

Etter utbreiinga ser det ut til at falari kan vera ei slags utgangsform. Med dette som grunnlag kan vi ha fått falarium som eit slags kvasi-latin, og med tilknytning til prefikset for- (fer-) har så ferlarium komme opp.

Kor fører så dette oss hen? Det luktar jo omlaga framandord lang veg, men eg har ikkje lykkast i å finne noko som passar. I dansk og svensk har eg heller ikkje komme over noko liknande, så langt. Men det er ei noko uklar, men interessant opplysning i arkivet til Norsk Ordbok frå Meland i Hordaland som kanskje kan vera eit spor. Ein innsendar hadde eit svakt minne om samansetninga auksjonsfalari, som ein gammal mann brukte, det skulle visstnok bety salær. Kan det rett og slett vera salær (jamfør engelsk salary) som har komme på «avvegar» og vorte til falari? Frå ei utgangstyding ‘lønn, salær’ er ein overgang til ‘korreks, medfart’ forståeleg (gjennom ironisk bruk). Og derifrå til ’leven, spetakkel’ er ikkje vegen så lang. Overgang til kleshabitt av ymse slag er heller ikkje verre enn at det er fullt tenkeleg. Men alt dette blir gjettingar. Jo meir opplysningar vi kan få inn om desse orda, desto større sjans er det for å komma til botns i spørsmålet om opphav og utvikling. Gi lyd, godtfolk!

Men la oss runde av med eit sitat etter ovafor nemnte Svein Guddingsmo. Det er ein karakteristikk av dei som gjekk med ferlarium i hans forstand: – Det e rokk’ fer rokk’ og ring for ring heile rauva ikring!

Reklamer

Post Navigation