Moro med ord og uttrykk!

Leirfivel

12

Første blomsteren som kjem om våren, i alle fall i låglandet, og her er ei bie alt i full sving med sin del av jobben.

Denne planta har den luksusen å bera to offisielle namn, hestehov og leirfivel. Før i tida fanst det visst ei tru om at hesten gjekk med hestehovfrø i hoven, fordi den alltid dukka først opp i spora til hesten. Men helst er vel hestehov ei jamføring ut frå forma på blada.

Leirfivel viser til typisk veksestad, for leirfivelen er glad i leirjord. I Trøndelag er hestehoven ofte kalla leirkall. Fleire andre namn går også på dette, som leirblom, leirboste, leirfiol (Horten), leirgull, leirskit (dette siste er utbreidd i Nordland), og leirsol, som faktisk er eit lokalt dialektord frå Oslo.

Om forekomst i leirmelar fortel melakoll (Frol, Verdal) som vi har nemnt før, melblad (somme stader i Nord-Trøndelag) og melfivel (gammal nemning i Namdalen).

Leirskrepp(e), som er namnet mange stader i Sør-Trøndelag, kan av og til gjelde blada særskilt. Dei blir jo også meir markert når det lir lenger utpå. Også namn som leirblekkje (Austlandet), leirblokk(e) (Surnadal, Rindal) og leirkåp’ (Hemne) går først og fremst på blada. I Buvika har dei kalla spar i kortstokken for lerskrepp. Stundom kan folk ha hatt forskjellige namn på planta i blomster, som er eit kjært vårteikn, og dei store blada, som heller blir sett på som ugras. Ikkje alltid har ein vore klar over at det er same blomsterslag heller.

Nettopp dettte nedsettande ligg vel i namn som paddeblad og paddehatt (begge i Oslo-området) og pukerot (Solør). At hestehoven kan blomstre før telen er gått ut or jorda, blir markert ved namn sopm tælablom på Austlandet og tålåbruse i Nord-Østerdalen.

Men det er mange andre namn på hestehoven, som det vil føre for langt å komma inn på her. Send gjerne ditt namn, eller les meir om det i Ove Arbo Høeg: Planter og tradisjon (s. 648 og utover).

Frys det krage om hestehoven, blir det snø, seier eit gammalt varsel.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Leirfivel

  1. Sverre Hatle on said:

    Eg saknar namnet Gullhauk frå Surnadal og Rindal.

  2. tojk on said:

    Ja, den burde vore med. Ivar Aasen registrerte gullhauk frå Nordmøre. Eilert Mo (i årsskriftet til Nordmøre Historielag 1925) seier at gullhauk er «eit sams namn for fleire slag gule korgblomstrar»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: