Moro med ord og uttrykk!

Sommarmål

april

Dagen i dag, 14. april, kallast frå gammalt sommarmål. Etter almanakk og primstav er dette første dagen i sommarhalvåret, frå ei tid da det var brukeleg å dele året inn i to. Denne dagen var flyttardag for tenarar, på same måte som første vinterdagen, 14. oktober.

Sommarmål var ein viktig merkedag med mange varsel. På sine stader ville ein ha det til at godt ver denne dagen tydde tidleg vår. I Oppdal derimot meinte ein at fint ver denne dagen ville ein få att med snøstorm og sein vår. Nattefrost no innebar nattefrost til hausten, var ei anna tru. I Korgen sa dei at dersom det fraus natt til sommarmål, ville det komma 30 frostnetter. Slik veret var sommarmål, ville det bli i 7 veker (eventuelt 3 veker) framover. På Helgeland rekna dei med ein kuldeperiode, sommarmålria, ved desse tider. Og om det snødde denne dagen, så skulle det bli sju (eller ni) snørier til før sommaren kom.

Ein annan type varsel i folketrua seier at så tett som snøen fell sommarmåldagen, så tett skulle fluge og andre insekt flyge den sommaren. I Tylldalen (Tynset) sa dei at så mykje snø som det var på torvtaka denne dagen, så mykje ville det vera på marka ein månad etter. Om ein såg orm sommarmåldagen, ville det bli eit ormeår (Nordfjord).

Vi har tatt før for oss tjelden og varsel knytt til den. Det heitte seg at det skulle bli sein vår om tjelden ikkje kom før sommarmål. Våren 1940 slo visst dette til, i alle fall somme plassar.

Mange andre skikkar og varsel kring sommarmål finst i boka «Dag og merke» av Brynjul Alver. Blant anna har dagen vore rekna som halvhelg med delvis arbeidsforbod. Folk burde ikkje spinne denne dagen, eller halde på med noko anna som gjekk rundt. Men i Østerdalen laut dei yste og kinne, for da skulle det bli ein god busommar. Her, i Valdres og Østfold åt dei sommargrauten, det skulle vera rømmegraut.

Frå Rennebu heiter det at vårfrumesse (25. mars) «ska’n dråggå pørka ut på ei fjøl, såmmårmålinn ska ‘o gå ut sjøl». Og vi sluttar med eit munnhell frå Land, som fortel om vårknipe både for folk og fe, men optimisme trass alt: «-Sju vikur går som ein røyk, sa kjerringa, ho var matlaus og fôrlaus til sommarmål».

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: