Moro med ord og uttrykk!

Førefall og vårbløyte

18

Det hører våren til, dette også: Snøløysing og vatn som går sine eigne vegar. Stengte trafikkårer og ras kan bli resultatet, slik vi alt har hørt mykje om. Spesielt er det jo denne våren, med mykje tele og mykje kjøving tidleg på vinteren og dermed tette bekkeløp.

Vegvoktaren heime stod ein vår og såg på at vegen rann vekk, utan at han kunne gjera noko. Einaste kommentaren hans var: – Det e no mesta artig au!

Smeltevatnet som renn etter vegen om våren, er gjerne kalla vårvatnet. Ein reindriftssame som heldt til i Sunndal ein periode, bruka å drikke av dette. Han meinte det var ”meggesin” i det!

Førefallet er eit tradisjonsord for dårleg føre i vårløysinga, når snøføret tek slutt. Dette innebar overgangen mellom slede- og hjulføre. Greitt og godt skildra er det i dette sitatet: ”Det var våren og verste førefallet med blaute og sundkøyrde vegar” (henta frå Årbok for Glåmdalen 1948, s. 15, etter arkivet til Norsk Ordbok). Særleg mykje brukt ser det ut som ordet førefall har vore på Austlandet. Der er belegga talrikast og mest tettsådde. Men også i Telemark, litt i Agder og på spreidde stader oppover Vestlandet kan vi finne ordet, og det er ikkje heilt fritt i Trøndelag heller. Stundom dukkar det opp ein s inni ordet: føresfallet eller førsfallet. ”I føresfåll’n” (dativ) er forma i Ålen; linande visstnok også i Rørosdistriktet..

Andre stader kan ein rett og slett ha snakka om vårbløyta.

Til slutt ei lita historie om øydelagte vegar i vårløysinga, henta frå boka Rindalshumor:
På 1940- og 50-talet såg grusvegane ut som hengemyrer i vårløysinga. Erling Bakken i Rindal kjørte bybussen ein dag det var ekstra djupe hjulspor. Han stoppa for å ta på ein passasjer, og sa: – Bærre ga attover og sett de. E kjæm roindt å te billettan sænar, færr bussen styre se sjøl e dag!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: