Moro med ord og uttrykk!

Landmonn

19

I tillegg til dei friske padlarene på sjøen (også ein dyreart som kjem fram om våren!) er dette bildet meint å illustrere eit fenomen som er aktuelt på vårparten, og som har eit presist dialektord. Vi får eit visst inntrykk her av at det er snøbert nedmed sjøen, og meir snø som ligg igjen når ein kjem lenger opp i lendet.
Med eit tradisjonelt ord på Nordmøre, i Oppdal og Bolsøy i Romsdal kallar ein dette for landmonn eller landmon. Da er det forskjell i snømengd mellom høg- og lågland eller mellom kyst og innland, og dermd ogs¨forskjell på kor langt våren er kommen på dei ulike plassane. For å gje eit inntrykk av bruken, tek vi med eit døme frå Surnadal, etter den framifrå ordsamlaren Bjarne Østbø: «- Det e stor landmon berre herefrå og oppåt dåkkå». Eller dette, henta frå årsskriftet «Du mitt Nordmøre» (2002, s. 43): «Det var, og er vanleg med landmonn på snøen, slik at om det er berre ein skosnø nede ved husa, kan den gå heilt til håssåbandstaden når du kjem opp på bruna».
Ein vinter for nokre år sia var dette særleg markert, og Adressa skreiv om det. Dei måtte bruke mange ord for å forklare det. da sendte eg eit innlegg der eg peikte på at det fanst eit godt og presist tradisjonsord for dette. Men det tok så lang tid før det kom på trykk at det dessverre ikkje var aktuelt lenger – snøen hadde gått over alt!
I Sunndal har dei også hatt ei tilleggstyding av ordet landmon. Det har vore bruka om svak stigning i lende frå sjø eller vassdrag, der det elles ser temmeleg flatt ut, også på eitt enkelt jordstykke.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: