Moro med ord og uttrykk!

Fattigmannsgjødsel

20

Ja, det er nettopp det vi ser på bildet. På våren må ein rekne med tilbakeslag som dette. Plutseleg ein morgon er det kvitt igjen. Men dette skal vera bra for jorda og årsvoksteren, og eit slikt snøfall er derfor av og til kalla fattigmannsgjødsel .Det er nemleg sagt at «ei snøbrei i mai er jamgodt med ei fraubrei».

Ein kar i Øvre Sunndal hadde hatt utover mykje engamøkk ein vår, og så la snøen over dette. – Nei, skull du sjitt så færgale, lell! bar han seg. Enda dette var vel noko av det likaste som kunne ha hendt.

På Hitra heiter det at vipa skal ha snø på ryggen 7 gonger før det blir sommar.

Men det kan bli i seinaste laget med våren også, slik at ein mistar motet. Det var kald nordavind og snøskurer heile mai oppi Alvdal ein gong. Så begynte det slik på juni også, og dei nemnte på at det kunne bli trasig med for åt mange. Men ein kar visste råd: – En må fill sett på kua grøne verbriller og fore med kutterkåre! (=kutterspon)

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Fattigmannsgjødsel

  1. tojk on said:

    Det bør nemnast at rispa om kua og «kutterkåren» er henta frå Erling Månas historier frå Alvdal.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: