Moro med ord og uttrykk!

Linerle

Linerle

Ja, no er også ho komme, kjent og kjær. Finn seg mat ser det også ut til at ho gjer. Takk til Kristian Voldheim for bildet!
Fleire namn er det sjølsagt på henne. Innafor trøndersk språkområde lagar ho tre «ordteigar». Lengst i sør og vest er det standardordet linerle som er brukt, i lokale utformingar som «linæl» o.l. Det er opplagt ein samanheng med planten lin, men uklart kva.
Så er det eit stort belte i sentrale delar av Trøndelag der ho får heite ringerle, her med uttalevariantar som rengel, rinnill m.m. Det er nok mønstra i fjørdrakta som ligg til grunn for det.
Lengst nord, i Namdalen, kjem så namnet «skjettel», som kjem av skiterle. Dette fordi ho ofte er å sjå på møkkadungen. Denne namnetypen går vidare inn på Helgeland, også med ord som møkkerdongsiri osb.
Det var teke varsel av linerla første gong ein såg henne om våren. Så høgt ho satt, så langt skulle graset bli den følgjande sommaren, trudde dei. Satt ho på møkkadungen, kom høyet til å rotne, var det sagt på mine heimtrakter. Det hadde også å sitt å seie kva ende ein såg ho første gongen. Om ein såg ho i bringa, skulle ein oppleva sorg; såg ein ho i stjerten, skulle ein oppleva glede.
Men linerla er nok berre til glede. Til slutt er eg likevel freista til å ta med ein karakteristikk: Det var ein som uttalte seg om ein slektning; han hadde lite tru på den åndelege kapasiteten til den karen. Han har hjerne på størrelse med kneskjela på ei linerle! sa han.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Linerle

  1. Når linerla trippa helt innåt tråppin, vart de dåle vær, oppi Drivdal’n!

  2. Rita Hovde on said:

    Rengæl på Frøya

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: